Semesters
MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Ingen.
-Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga 5-10, med særleg vekt på ungdomstrinnet. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og tilsvarar 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.
Emnet tek føre seg læraren si tilrettelegging for elevane si læring og utvikling på 5. – 10. trinn. Det vert teke utgangspunkt i fire område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk og læringsleiing. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt. , og studentane skal i emnet få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.
I og med dette er studentane sitt første møte med faget Pedagogikk og elevkunnskap, legg ein vekt på at dei skal få rettleiing i arbeidet med forståing for dei sentrale innhaldselementa i emnet. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i denne prosessen, gjennom rettleiing og øving i munnlege og skriftlege uttrykksformer. Undervisninga kombinerer førelesing som gir fagleg fokus og arbeidsmåtar som stimulerer aktiv deltaking frå studentane. Studentane skal vere aktivt deltakande i alle seminara.
Studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis. Dei skal gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid, analysere og rapportere denne skriftleg i grupper. Gjennom dette vert dei kjende med observasjon som vitskapleg metode, får kjennskap til kva lærarens arbeid kan dreie seg om, og får ei første innføring i akademisk skriving i faget. Eksamen i emnet er ein skriftleg skuleeksamen, som etterspør kunnskap om sentrale innhaldselement som er nødvendig for profesjonell yrkesutøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
-Studenten har kunnskap om
* teori om læring og læringsprosessar og utfordringar i lærarens arbeid knytt til dette
* sentrale didaktiske prinsipp i lærararbeidet
* teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for læringsleiing, herunder kontaktlærarrolla
* etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
* dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på mellomtrinnet med fortsettelse på ungdomstrinnet
* sentrale styringsdokument i skulen
* lærarrolla i det fleirreligiøse klasseromet
-Studenten skal kunne
* planlegge og leie undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk
* engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar
* diskutere og fagleg begrunne didaktiske og etiske val
* planlegge og gjennomføre systematisk observasjon for å utvikle læring
* meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte
-Studenten kan
* på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven om læring og utvikling
* innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp
-Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve med inntil 2000 ord, bygd på systematisk observasjon av lærarens sitt arbeid
Ei individuell, teoretisk refleksjonstekst med inntil 1200 ord knytt til sentrale innhaldselement i emnet
Ein munnleg presentasjon av eit sentralt tema frå pensumlitteraturen
Aktiv deltaking i seminar knytt til dei munnlege presentasjonane
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |