Semesters

MGL5-10PR1 Praksis 1, 30 dagar

Course code: 
MGL5-10PR1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
*
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Praksis 1 er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperiodar, og dei fem første praksisdagane er observasjonspraksis. Studentane har praksis på mellomsteget.   

Tema for praksis første studieår er lærarrolla og lærararbeidet, og her får studentane eit første møte med det å vere lærar. Studentane skal nytte systematisk observasjon av praksislærar for å skaffe seg ei første innsikt i lærararbeidet.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:  

  • Lærarrolla og læraren sine oppgåver i skulen 
  • Gjeldande lov- og planverk i skulen 
  • Læring og tilrettelegging av fagleg innhald og arbeidsmåtar som fremmer gode læreprosessar 
  • Grunnleggande ferdigheiter
Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • Planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning 
  • Legge til rette for estetiske læreprosessar gjennom ulike uttrykk, formidling og framføring 
  • Bruke relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy i opplæringa 
  • Gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid 
Learning outcome qualification

Studenten kan: 

  • Kommunisere munnleg og skriftleg, og nytte nynorsk og bokmål på ein hensiktsmessig måte i profesjonssamanheng 
  • Delta aktivt i rettleiing i praksis, og nytte tilbakemeldingar til eigen utvikling 
Working and learning activities

Felles for alle årssteg: 

Studentane vert delte i grupper på tre til fire studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det blir nytta digitale rettleiingsverktøy i praksis. 

I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis. 

Første studieår: 

I byrjinga av praksisopplæringa første studieår får studentane ansvar for avgrensa deler av timar og aktivitetar, gjerne i lag med medstudentar. Det blir øvd på enkeltelement som det å starte ein aktivitet, samtale med elevar om faglege spørsmål, gje tilbakemeldingar, instruere og formidle fagleg kunnskap. Utover i praksisperiodane første studieår blir ansvaret meir omfattande og utvida til å gjelde heile undervisningsøkter, fleire undervisningsøkter og meir individuelt ansvar for undervisning.  

Vurdering:

Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med oppfølgingslærar ved høgskulen og rektor ved praksisskulen. 
Studentane får: 

  • Skriftleg midtvegsvurdering etter haustpraksis. 
  • Skriftleg sluttvurdering etter vårpraksis med karakteren stått/ikkje stått

Rutiner for ikkje stått

  • Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått. 
  • Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar. 
  • Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten normalt avbryte studiet
Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid vil kunne føre til krav om kompensatorisk arbeid.  

I tillegg skal studentane: 

  • Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas 
  • Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis. 

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda 

Evaluation system
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Kjersti Markegård
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
30 Days
Pass / fail
Approval signature: 
Arne Myklebust