Semesters

MGL5-10PR2 Praksis 2, 25 dagar

Course code: 
MGL5-10PR2
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10PR1 Teaching practice 1
Course content

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon  og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5. til 10. trinn. Praksis i haustsemesteret har hovudfokus på elevrolla, elevmangfaldet  og eleven sitt møte med skule og fag i 5. til 10. årssteg. Praksis i  vårsemesteret  har hovudfokus på læraren si tilrettelegging for læring av fag.

I andre studieår har studentane eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Studentane skal observere elevar sine føresetnader og utvikling, og observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser.

Praksistudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis.

 

Learning outcome

I tillegg til læringsutbytte i praksis frå tidligare år, og i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk i skulen
  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremjar gode inkluderande klasse- og læringsmiljø
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
  • kan reflektere over og vurdere, velje og bruke ulike kartleggingsverktøy i faga
  • kan bruke relevante digitale ressursar
  • kan leie gode læringsprosessar med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
Learning outcome qualification

Studenten  

  • har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheter og kompetansar
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å gjennomføre lærarfaglege oppgåver
  • kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
Working and learning activities

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule gjennom heile praksisperioden.

Før og etter praksisperioden er det obligatorisk praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærar.

Studentane nyttar digitale rettleiingsverktøy i praksis, og skal i haustsemesteret delta i eit seminar/kurs om rettleiing.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande frammøte til førebuing og etterarbeid  til praksis vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis. Sjå praksisheftet for retningsliner.

Arbeidskrav:
Haust:

  1. Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar med fokus på elevmangfald og eleven sitt møte med fag i 5. til 10. trinn. 
  2. Deltaking på seminar om rettleiing.

Vår: Deltaking på seminar med gruppevis drøfting av sentrale erfaringar knytt til tilrettelegging for læring i praksisperioden. Praksisoppgåvene blir tilpassa dei ulike vårfaga.

Nærare spesifisering i canvas/semesterplan.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. 
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Ivar Hagen
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Semesters
Pass / fail
Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.
Approval signature: 
Arne Myklebust