Semesters
MGL5-10PR2A Praksis 2A, 15 dagar
Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5. til 10. trinn. Praksis i andre studieår er delt inn i to sjølvstendige emne med avsluttande vurdering i begge. Praksis 2A har hovudfokus på elevrolla, elevmangfaldet og eleven sitt møte med skule og fag i 5. til 10. årssteg.
I andre studieår har studentane eit meir sjølvstendig ansvar for å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Studentane skal observere elevar sine føresetnader og utvikling, og observere gruppeprosessar og relasjonar mellom elevane. Dei skal også observere og rettleie medstudentar som underviser.
Praksistudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Studentane skal ha praksis i dei undervisningsfaga som er valt i studieprogrammet. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis.
I tillegg til læringsutbytte i praksis frå tidligare år, og i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om gjeldande lov- og planverk i skulen
- har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
- har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar
- kan reflektere over og vurdere, velje og bruke ulike kartleggingsverktøy i faga
- kan leie gode læringsprosessar for alle elevar
- kan bruke relevante digitale verktøy
- kan kommunisere munnleg og skriftleg og nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- kan leie gode læringsprosessar med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
Studenten
- har innsikt i elevane si læring av grunnleggande ferdigheter og kompetansar
- kan nytte kunnskapane og ferdigheitene sine til å gjennomføre lærarfaglege oppgåver
- kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule gjennom heile praksisperioden på 15 dagar.
Før og etter praksisperioden er det obligatorisk praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærar.
Frammøtekrav: Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Manglande frammøte vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis.
Arbeidskrav: Gruppevis munnleg og digitalt basert presentasjon og drøfting av sentrale erfaringar med fokus på elevmangfald og eleven sitt møte med fag i 5. til 10. trinn.
Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Vurdering: Stått eller Ikkje stått
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden.
Etter praksisperioden skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Semesters | Pass / fail | Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering. Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga. Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått. Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis: Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet. |