Semesters
MGL5-10PR3 Praksis 3, 30 dagar
Praksis 3 er i hovudsak lagt til ungdomsskulesteget, og hovudtema for praksis tredje studieår er:
- Elevmangfald
- Kontaktlærarrolla
- Skulen som organisasjon
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- Kontaktlærarrolla
- Det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgang frå barnesteg til ungdomssteg, og frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring
- Arbeidsmåtar og vurdering som fremmer inkluderande klasse- og læringsmiljø
- Kulturelt, språkleg, religiøst og sosialt mangfald
- Skulen som organisasjon
Studenten kan:
- Vurdere relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy som blir brukt i opplæringa for å fremme elevane si digitale kompetanse
- Drøfte undervisning og læring på bakgrunn av profesjonsetiske perspektiv
- Identifisere og drøfte tiltak mot mobbing og trakassering for å bidra til positiv utvikling av skulen sitt læringsmiljø
Studenten:
- Kan engasjere seg i skulen sitt internasjonale og fleirkulturelle arbeid
- Kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar
- Har utvikla eigen læraridentitet, kommunikasjons- og relasjonskompetanse
- Kan delta aktivt i rettleiing i praksis og bidra med å analysere og vurdere relevante faglege og profesjonsetiske problemstillingar
- Har endrings- og utviklingskompetanse som bidreg til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
Felles for alle studieår:
Studentane vert delte i grupper på to til fire studentar og vil vere på same praksisskule og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar frå høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga.
I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar frå høgskulen får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis.
Tredje studieår:
Studentane skal i praksis i 3. studieår få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis.
Kontaktlærarrolla og det å skape gode relasjonar til elevane er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje ved at studentane får ta del i dei kartleggings-prosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane, gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer og gjennom elevsamtalar.
Vurdering:
Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med oppfølgingslærar frå høgskulen og rektor ved praksisskulen.
Studentane får:
- Skriftleg midtvegsvurdering.
- Skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått.
Rutiner for ikkje stått:
- Ved tvil nyttar praksislærar skjema for varsel om ikkje stått.
- Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar.
- Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten avbryte studiet
Det er obligatorisk frammøte til førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid kan føre til krav om kompensatorisk arbeid.
I tillegg skal studentane:
- Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas
- Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis.
Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | 30 Days | Pass / fail |