Semesters

MGL5-10PR3 Praksis 3, 30 dagar

Course code: 
MGL5-10PR3
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10PR2 Teaching practice 2, 25 days
Course content

Hovudtema for dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 5. til 10. trinn.

Praksis 3 har hovudfokus på elevmangfald, skulen som organisasjon og overgang frå ungdomssteg til vidaregåande opplæring Praksis i 3.studieår er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperiodar, der inntil 5 av dagane er innretta mot overgangen ungdomssteg-vidaregåande skule. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar.

Studentane skal i praksis i 3. studieår få undervisningsansvar for lengre sekvensar, som til dømes å følgje same faget fleire timar etter kvarandre eller å ha ansvaret for all undervisning heile dagar. Omsynet til elevmangfaldet tyder at studentane skal få erfaringar med å differensiere undervisninga, og få kunne møte elevar med ulike føresetnader på deira premissar. Det føreset også ein bevisst og målretta vurderingspraksis. Å skape gode relasjonar til elevane er ei anna side ved praksisen dette året. For å kunne lukkast med det, er det nødvendig at studentane skaffar seg kunnskapar om elevane. Det skal skje dels ved at studentane får del i dei kartleggings-prosessane og den kunnskapen skulen sit med om elevane, og dels skal det skje gjennom observasjonar og analysar av fagleg arbeid som elevane gjer, og gjennom elevsamtalar.

Praksisstudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om metodar knytte til forskings- og utviklingsarbeid i skulen
  • har kunnskap om elevane sine føresetnader og utvikling som utgangspunkt for tilpassa opplæring
  • har kunnskap om kulturelt, språklig, religiøst og sosialt mangfald
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samarbeid med andre instansar
  • har kunnskap om gjeldande lov- og planverk, og om det heilskaplege opplæringsløpet, med vekt på overgangen frå barnesteg til ungdomssteg, og ungdomssteg til vidaregåande skule 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan drøfte undervisning på bakgrunn av profesjonsetiske perspektiv
  • kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer, og andre interne og eksterne aktørar
  • kan identifisere og drøfte tiltak for å handtere mobbing og trakassering, og bidra til positiv utvikling av skulen sitt læringsmiljø
  • kan bruke relevante digitale ressursar i undervisninga og rettleie elevar i deira digitale kvardag
  • kan reflektere mellom likskapar og ulikskapar mellom barnetrinn og ungdomstrinn, og mellom ungdomstrinn og vidaregåande skule, med omsyn til formål, innhald, arbeidsmåtar og organisering
Learning outcome qualification

Studenten

  • har endrings- og utviklingskompetanse som bidreg til samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen
  • kan med grunnlag i teori og forsking kritisk vurdere eigen og andre sin praksis
  • har utvikla eigen læraridentitet, kommunikasjons- og relasjonskompetanse basert på profesjonsetiske perspektiv
  • kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid og stimulere til demokratisk deltaking
Working and learning activities

Praksisen i tredje studieåret vert delt inn i tre praksisperiodar; 15 dagar haust og 15 dagar vår (to periodar), og der inntil 5 av dagane er via overgangen ungdomssteg-vidaregåande skule. Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar og vere på ein praksisskule.

Før og etter første og andre praksisperiode er det obligatoriske praksismøte med studentar, praksislærarar og faglærarar. Før tredje  praksisperiode (som er innretta mot overgang ungdomssteg-vidaregåande skule) er det obligatorisk deltaking på seminar/fagdag  med fokus på overgang barnesteg - ungdomssteg og overgang ungdomssteg - vidaregåande skule. 

Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter første praksisperiode (haust) skal studenten ha skriftleg midtvegsvurdering. 

Studentane nyttar digitalt rettleiingsverktøy i praksis. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. 

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav skal vere gjennomførte og godkjente (nærare spesifisering i Canvas/ semesterplan):

  1. Etter første praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til hovudfokus i praksisstudiet tredje år. 
  2. Etter andre praksisperiode:  Deltaking på seminar med drøfting av tema knytt til sentrale erfaringar frå praksisperioden. 
  3. Gjennomført 2 dagar praksis i vidaregåande skule. 
  4. Refleksjonsnotat i gruppe med drøfting av tema knytt til sentrale erfaringar frå praksisperioden med fokus på overgang ungdomssteg – vidaregåande skule. 

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Ivar Hagen
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
30 Days
Pass / fail
Praksislærar skal gje kvar student munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisbolken. Etter om lag 15 dagar i praksis, skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.
Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering, med karakteren "Stått"/"Ikkje stått". Denne vurderinga skal leggjast fram for studenten og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Begge desse vurderingane skal vere læringsfremjande, og skal vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Basisgrupperettleiar til studenten skal trekkast inn i vurderinga.
Arbeidskrava skal vere gjennomført og bestått.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren «Ikkje stått» i rettleidd praksis:
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode på 10 dagar i løpet av studieåret etter avtale med praksisansvarleg. I desse 10 dagane får studenten særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også i denne ekstra praksisperioden, må han/ho avbryte studiet.
Approval signature: 
Arne Myklebust