Semesters
MGL5-10PRO Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk
Ingen
I profesjonsskriving på bokmål og nynorsk skal studentane få kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, og dei skal utvikle skriftlege ferdigheiter i sentrale sjangrar frå lærarkvardagen. Studentane skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisingsspråk (t.d. tavlespråk, tilbakemeldingar til elevane osb.) og i andre profesjonssamanhengar (t.d. årsplanar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra, e-post og annan digital kommunikasjon).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om skrivereglar og grammatikk på bokmål og nynorsk
- har kunnskap om ulike skriftlege sjangrar i skulekvardagen
- har kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova
Studenten
- meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan bruke digitale ressursar og andre hjelpemiddel i profesjonsfagleg skriving
- kan med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova argumentere for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i bokmål og nynorsk
Studenten
- har god kompetanse i norsk skriftleg og kan vere ein god modell for elevane og stimulere til skriving på begge målformer
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing og seminar med studentaktivitet der studentane sjølve skal vere aktive skrivarar. Det vert lagt opp til at studentane skal samarbeide.
Frammøtekrav:
Obligatorisk frammøte til alle undervisningsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6
Arbeidskrav:
Fire skriftlege arbeidskrav skrivne i seminar, kvart på 200–500 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Pass / fail | Målform: Både bokmål og nynorsk | Mappa skal innehalde omarbeidd versjon av dei fire arbeidskrava, samt ein refleksjonstekst på om lag 500 ord der studenten, med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, argumenterer for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i både bokmål og nynorsk. Minst to av tekstane skal skrivast på nynorsk, og minst to av tekstane skal skrivast på bokmål. |