Semesters

MGL5-10PRO Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk

Course code: 
MGL5-10PRO
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I profesjonsskriving på bokmål og nynorsk skal studentane få kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, og dei skal utvikle skriftlege ferdigheiter i sentrale sjangrar frå lærarkvardagen. Studentane skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisingsspråk (t.d. tavlespråk, tilbakemeldingar til elevane osb.) og i andre profesjonssamanhengar (t.d. årsplanar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra, e-post og annan digital kommunikasjon).  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova.
  • har kunnskap om ulike skriftlege sjangrar i skulekvardagen.
Learning outcome skills

Studenten

  • meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
  • kan gjere nytte av hjelpemiddel i eiga skriving.
  • kan, med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, argumentere for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i bokmål og nynorsk.
Learning outcome qualification

Studenten

  • har god kompetanse i norsk skriftleg og kan vere ein god modell for elevane og stimulere til skriving på begge målformer.
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing og seminar med studentaktivitet der studentane sjølve skal vere aktive skrivarar. Det vert lagt opp til at studentane skal samarbeide.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte til alle undervisningsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6

Arbeidskrav:

Fire skriftlege arbeidskrav skrivne i seminar, kvart på 200-500 ord.

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Maren Østrem Nesse
Guro Solheim
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Pass / fail
Målform: Både bokmål og nynorsk
Mappa skal innehalde omarbeidd versjon av dei fire arbeidskrava, samt ein refleksjonstekst på omlag 500 ord der studenten, med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova,
argumenterer for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i både bokmål og nynorsk. Minst to av tekstane skal skrivast på nynorsk, og minst to av tekstane skal skrivast på bokmål.
Approval signature: 
Anne Øie