Semesters

MGL5-10SP1 Spesialpedagogikk1: Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen

Course code: 
MGL5-10SP1
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10PE2 Pedagogy and student knowledge 2: Learner in student diversity
Course content

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 5-10 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, og utgjer 15 studiepoeng.

Dette emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld spesialundervisning. Det skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som ikkje har utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som forskinga om spesialundervisning. Det er lagt særleg vekt på 5.-10. klassetrinn.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha kunnskap om: 

  • spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt og innhaldet i sentrale omgrep 
  • den historiske utviklinga av spesialundervisninga i Noreg
  • ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
  • kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt spesialundervisning, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat
  • sambandet mellom ordinær opplæring og spesialundervisning
  • arbeid for god overgang mellom dei ulike klassestega på mellomtrinn og ungdomstrinn, og ungdomstrinn og vidaregåande opplæring for elevar med særskilte behov 
Learning outcome skills

Studentane skal kunne

  • samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får spesialundervisning på 5.-10. trinn
  • gjere faglege refleksjonar rundt innhald i litteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
  • analysere og vurdere spesialpedagogiske problemstillingar og tiltak i profesjonsutøvinga
Learning outcome qualification

Studentane skal ha

  • god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen.
  • god forståing for samspel og dilemma mellom spesialundervising og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
  • god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for spesialundervisning
Working and learning activities

Studentane skal gjennom ei forskingsbasert tilnærming gjennomføre eit feltarbeid i skulen på 5.-10. trinn som vert utgangspunkt for ein prosess fram til endeleg rapport frå feltarbeidet (eksamensoppgåva). Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper. Studentane blir følgde tett opp gjennom arbeidskrav som inneheld presentasjonar, tilbakemeldingar og rettleiing.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

1.  Krav om 80 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

2.  Gjennomføre eit feltarbeid i skulen og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar, 

3.  Oppmøte og aktiv deltaking i alle seminara som er knytt til arbeidskrava

Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Anne-Kari Remøy
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Ei skriftleg oppgåve basert på eit feltarbeid
Approval signature: 
Arne Myklebust