Semesters
MGL5-10VF Vitskapsteori og forskingsmetode
Fullført og bestått dei fire første åra av utdanninga 5.–10. med aktuelt masterfag.
Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for pedagogisk og didaktisk verksemd, og tek føre seg kunnskapsutvikling og forskingsmetodiske tilnærmingar til feltet.
Føremålet er at studentane skal utvikle kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode.
Emnet skal gi studentane ein vitskapsteoretisk og metodisk kompetanse som set dei i stand til å gjennomføre masteroppgåva. Samstundes gir emnet den metodiske breiddekunnskapen studentane treng for å sette seg inn i forsking på høgt nivå.
Studentane skal i løpet av emnet utvikle forskingsplan for masteroppgåva.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har inngåande kunnskap om
- vitskapsteoretiske perspektiv på kunnskapsutvikling
- forskingsprosessen
- forskingsmetodar og datagrunnlag
- sentrale statistiske omgrep og metodar
- reliabilitet og validitet
- forskingsetiske spørsmål
Studenten kan
- vurdere ulike tilnærmingar til forsking og forskingsmetodar
- formulere seg om sentrale omgrep, delar og samanhengen i ein forskingsprosess
- vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data
- vurdere sentrale etiske spørsmål i forsking
Studenten har
- kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode
- metodisk og vitskapsteoretisk kompetanse til å kunne gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid og kunne setje seg inn i forskingsarbeida til andre.
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing.
Studentane skal i emnet utarbeide forskingsplan for arbeidet med masteroppgåva. Utviklinga av forskingsplanen er prosessorientert med seminar der studentane presenterer sine arbeid og gir tilbakemelding til kvarandre.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Deltaking på seminar om forskingsplan.
- Godkjend forskingsplan for masteroppgåva i eit omfang på om lag 2000 ord.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |