Semesters
MID117 Fleirkameraproduksjon
MID131 og MID112
eller JOU100, JOU101, JOU102 og MEV121
eller tilsvarande.
Kapasitet på emnet er 32 plassar. Av desse går 23 plassar til studentar på Bachelor i medieproduksjon, og 9 plassar går til studentar på Bachelor i journalistikk tv/radio og avis/nett.
Studentar på Bachelor i journalistikk tv/radio og avis/nett rangerast etter følgjande kriterier:
- Gjennomsnittskarakter frå emner frå første studieår
- Poengsum ved opptak til bachelorgrad
- Loddtrekning
I emnet MID117 Flerkameraproduksjon arbeider studentane med fleirkamerabaserte produksjonar i forskjellige format og sjangrar, til opptak og livestreaming, på location og i studio. Kjennskap til korleis dei ulike rollene i eit fleirkamerateam opererer er viktige felt, kombinert med prosessforståing både teknisk og organisatorisk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om:
- organisering av fleirkameraproduksjonar
- dei ulike rollene som denne organiseringa krevjer
- teknisk utstyr i fleirkameraproduksjonar
- kunnskap om relevant teori som produksjonsprinsipp, sjanger, og dramaturgi i fleirkameraproduksjonar
Kandidaten:
- kan utføre oppgåvene i dei ulike rollene i ein fleirkameraproduksjon i fasene frå preproduksjon, gjennomføring, og postproduksjon
- kan samarbeide i dei ulike rollene i ein fleirkameraproduksjon
- kan organisere og gjennomføre location- og studiobaserte fleirkameraproduksjonar
Kandidaten:
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver i ein fleirkameraproduksjon, både enkeltvis og i grupper
- kan formidle sentralt fagstoff, som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom produksjonane
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan fleirkameraproduksjon
Forelesingar, seminar, gruppearbeid, selvstudium, og prosjekt der studentar arbeider saman om fleirkameraproduksjon under rettleiing.
Deler av opplegget kan gjennomføres som e-læringsmoduler og skjermbasert undervisning og rettleiing.
Den timeplanfesta undervisinga foregår hovudsakleg i skuletida. Det må påreknast at nokre av produksjonane gjennomførast på kveldstid eller helg.
Det er obligatorisk deltaking i undervising, gruppearbeid og produksjonar. Detaljar om kva som er obligatorisk går fram av semesterplanen.
Studentane dokumenterer deltakinga si i kvar av produksjonane med ein produksjonsrapport, - med kva, kvar, kven og kvifor - og med relevant dokumentasjon som underbygger dette. Deltaking i produksjonane og dei individuelle produksjonsrapportane er arbeidskrav i emnet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor in Medieproduction
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |