Semesters
MILD101 Miljøterapi i demensomsorga
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiet skal vere med å styrkje den pedagogiske og kommunikative kompetansen til personar som arbeider i demensomsorga. Målet er å legge tilrette for miljøtiltak i ein personsentrert omsorgspraksis. Målgruppa for studiet er helse- , omsorg- og sosialarbeidarar som arbeider i heimebaserte tenester, på dagaktivitetstilbod og institusjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om::
- kognitiv svikt og demens
- personsentrert omsorgspraksis og miljøbehandling
- realitetsorientering, validering og erindringsarbeid
- forskings- og utviklingsarbeid innan fagfeltet
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- observere og kartlegge brukarane sine ressursar
- planlegge og gjennomføre miljøtiltak individuelt og i gruppe
- evaluere miljøtiltak
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- handtere etiske utfordringar rundt tillitsskapande tiltak
- identifisere sårbare situasjonar
- reflektere over kva som er god demensomsorg
- planlegge og delta i helsefremjande arbeid retta mot brukarar og pårørande
Undervisninga er organisert i fire samlingar à tre dagar (to samlingar i haustsemesteret og to samlingar i vårsemesteret).
Vekesamlingane er på onsdag, torsdag og fredag.
Læreformer som vil bli nytta er førelesingar, praktiske øvingar, gruppearbeid, framføring, rettleiing og sjølvstudium. Til det praktiske og teoretiske arbeidet vert det knytt skriftleg arbeid i form av notat og oppgåveskriving. Studentar vert inndelt i læringsgrupper for fagleg samarbeid. Dei har tilgang til eige elektronisk klasserom (Canvas), der m.a. program for samlingar, førelesingsmateriell og studentarbeid blir lagt ut.
Samlingane blir bygd opp rundt desse tema: Tilnærmingar rundt demensutfordringar, kommunikasjon og samhandling, etiske perspektiv, miljøbehandling, rammevilkår og pårørandeperspektivet. Framlegging av gruppearbeid og seminaraktivitet inngår som ein del av undervisningsopplegget.
Det er obligatorisk frammøte (dvs krav om 80% frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
A. Utarbeide notat om eit miljøtiltak, individuelt eller i gruppe
Døme på slike miljøtiltak kan vere: Erindringsarbeid, sansestimulering, organisering av måltid, fysisk aktivitet. Notatet skal leverast inn i Canvas. Tiltaket skal presenterast for medstudentar og rettleiarar på tredje samling.
B. Individuell skriftleg oppgåve om eit miljøtiltak (om lag 1500 ord)
C. Individuelt responsnotat til ein medstudent sitt arbeidskrav B (om lag 1 side)
D. Formulere tema, vise retning til problemstilling og nemne relevant faglitteratur og teori til individuell skriftleg heimeeksamen.
Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
kr. 15.000
Ein kan søkje kommunen om støtte til studieavgift og andre utgifter. Kommunen kan få dekka utgiftene hos Fylkesmannen (Kompetanseløftet 2020) etter søknad.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2500 ord |