Semesters

MKH101US Mat, kosthald og helse 1 (5-10)

Course code: 
MKH101US
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet består av fire delar

Praktisk matlaging 1
Ernæring, kosthald og helse 1
Aktivitetsfag 1 (lærarstyrt og studentstyrt arbeid/undervisning)
Råvarekunnskap 1

Praktisk matlaging 1
Her ligg hovudtyngda av den praktiske komponenten i faget og innhaldet vil vere retta mot grunnleggande kunnskap og ferdigheiter i matlaging, råvarekunnskap og kjøkkenhygiene. Planlegging og gjennomføring av matlagingsaktivitetar for barn og unge på 5.-10. årssteg er óg ein sentral del av undervisninga. 

Ernæring, kosthald og helse 1
Innhaldet vil vere knytt til energigivande næringsstoff, vitamin, mineral, sporstoff, og fordøyinga og energiomsetninga i kroppen.

Aktivitetsfag 1
Innhaldet i delen vil vere knytt til det metodiske og didaktiske arbeidet i samband med kosthald og helse. Ein ønskjer her å sjå faget i ein større samanheng og finne måtar der faget kan bli ein ressurs for miljø og matkultur i skulen. Ein kan til dømes trekke lokalsamfunnet sine ressursar inn i dette arbeidet. Det er og viktig at ein ser korleis fagområdet kan integrerast i elevane sin skulekvardag. Dei førebyggjande og helsefremmande perspektiva i faget er viktige. Aktivitetane vil kunne vere lærarstyrte eller studentstyrte innanfor gitte rammer. 

Råvarekunnskap 1
Kunnskap om råvarer og korleis desse er bygd opp er sentralt dersom ein skal forstå matlaging, dvs. å knyte teori og praksis saman i matlaging og eksperimentering.Digital kompetanse er eit sentralt tema i samfunn og skule i dag, og vil vere eit gjennomgåande tema i alle delar av emnet, til dømes gjennom bruk av digitale medier, verktøy og arbeidsformer.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter fullført emne skal studenten ha

  • grunnleggjande kunnskap i ernæringslære, kosthald og helse
  • kunnskap om korleis ein kan arbeide helsefremjande og førebyggjandei eit kosthaldsperspektiv
  • kunnskap om faget Mat og helse sitt innhald på 5.-10. årssteg i grunnskulen
  • kunnskap om korleis ein kan nytte faget som ramme for opplæring i grunnleggande ferdigheiter
  • kunnskap om korleis ein kan nytte faget i tverrfaglege samanhengar
  • kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid
  • kunnskap om korleis ein kan nytte didaktiske kategoriar (mål, innhald, elevføresetnadar, rammer, arbeidsmåtar og vurdering) i planlegging, gjennomføring og vurdering av elevane sitt læringsarbeid
Learning outcome skills

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • orientere seg og vurdere innhald av ulike kjelder som t.d. kosthaldsinformasjon
  • ha grunnleggande ferdigheiter i matlaging, og korleis oppbevare og handsame mat
  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i mat og helse for elevar på 5.-10. årssteg
  • kunne legge til rette ei undervisning for elevar med ulike behov, t.d. spesialkost eller spesialpedagogiske tilretteleggingar
  • ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget og rettleie elevar i deira utvikling av fagspråk
  • kunne bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar
Learning outcome qualification

Etter fullført emne skal studenten

  • syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
  • kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid, og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid
  • syne eit kritisk og reflektert forhold til mat og helse slik ein møter det i samfunnet i høve offentlege og private aktørar (t.d. helsevesen, media, handel og marknadsføring)
Working and learning activities

Arbeidsformene vil vere varierte; til dømes demonstrasjon, laboratoriearbeid, stasjonsarbeid og matlaging. Fronter vert nytta som arbeids- og kommunikasjonsreiskap både for lærar og student, og er såleis ein integrert del av undervisninga. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3.

 

Arbeidskrav:

  • Studentane skal skrive dokumentasjon/refleksjonsnotat etter kvar av dei omlag 20 praktiske øktene. Omfang 1-2 sider for kvar økt. Dette samlast i ei mappe og leverast som arbeidskrav.
  • Studentane skal skrive to individuelle rettleidde fagdidaktiske oppgåver retta mot 5.-10. årssteg, kvar på om lag 2000 ord.

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Erik Fooladi
Kari Ryslett
Costs

Ingen.

Expenses

Kr. 900,-

Used in other programs
  • Food and Health (Home Economics) 1-7/5-10
  • Home Economics. One Year Programme
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Digital eksamen.