Semesters
MKH101US Mat, kosthald og helse 1 (5-10), mat i eit helseperspektiv
Ingen.
I emnet MKH101US Mat i eit helseperspektiv skal studentane tileigne seg kunnskap og ferdigheiter som fokuserer på mat og måltid sin forebyggande og helsefremjande dimensjon, som vidare skal gjere barn og unge i stand til å lage mat og å foreta gode kosthaldsval.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om hovudpunkt i faget si historie og kunne bruke innhaldet i dei mest sentrale styringsdokumenta som regulerer læringsarbeidet i mat og helse i grunnskulen
- kjenne til sentrale trekk ved utviklinga i norsk kosthald og ernæringspolitikk
- ha kunnskap om ulike matvaregrupper, handtering av mat og omgrepet trygg mat
- kjenne dei nasjonale kostråda og forklare grunnleggande ernæring og spesialkost
- ha kunnskap om dei viktigaste kosthaldsutfordringane og livsstilsjukdomane
- kunne legge til rette for helsefremjande kosthald i skulen
Studenten skal kunne:
- planlegge og lage trygg og innbydande mat i tråd med dei nasjonale kostråda
- anvende grunnleggande teknikkar i praktisk matlaging
- planlegge mat og måltid som tek omsyn til ulike kostbehov
- lage mat ute og bruke naturen og lokalmiljøet som ressurs
- berekne næringsinnhald i mat og vurdere maten sin ernæringsmessige kvalitet med hjelp av digitale verktøy i undervisninga
- kritisk vurdere kosthaldsinformasjon og forskingsbasert kunnskap med relevans for faget mat og helse
- leie læringsarbeidet i mat og helse gjennom differensierte og varierte undervisningsmetodar og grunngje faglege og didaktiske val
Studenten skal kunne:
- drøfte omgrepet matdanning
- sette faget mat og helse inn i eit samfunnsmessig perspektiv og forstå korleis faget kan bidra til folkehelse, livsmeistring og å utjamne sosiale skilnadar i helse
- konkretiserte og integrere mål i læreplanen i tverrfaglege tema
Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar og alle arbeidskrav må vere godkjente før framstilling til eksamen, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studentane skal gjennomføre fire individuelle oppgåver og ei gruppeoppgåve:
- Skriftleg vekeplan med sunn og berekraftig middag og handleliste.
- Digital forteljing om matvarekunnskap
- Presentasjon om vitamin og mineralstoff
- Logg frå praktiske leksjonar på kjøkkenet
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i Canvas og i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 1 000,-
- Food and Health (Home Economics) 1-7/5-10
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |