Semesters
MKH102US Mat, kosthald og helse 2 (5-10), mat i eit læringsperspektiv
Arbeidskrav og krav til oppmøte i MKH101US eller tilsvarande må vere godkjent.
Mat, kosthald og helse består av emne MKH 101 Mat i eit helseperspektiv og emne MKH 102 Mat i eit læringsperspektiv. Faget mat, kosthald og helse er eit etter- og vidareutdanningstilbod som skal førebu studentane til å undervise i faget mat og helse i grunnskulen. Gjennom studiet skal studentane utvikle kompetanse innanfor helsefremjande kosthald, berekraft matvanar og forbruk, og mat som identitets- og kulturuttrykk.
Emnet MKH 102 Mat i eit læringsperspektiv utgjer 15 studiepoeng. Studentane skal tileigne seg kunnskap om faget mat og helse og korleis læraren kan legge til rette for elevane si læring med fokus på planlegging, gjennomføring og vurdering. Emnet skal vidare fokusere på mat, forbruk og kultur.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om hovudpunkta i faget sin didaktikk og kunne bruke innhaldet i gjeldande styringsdokument som regulerer læringsarbeidet til faget mat og helse
- ha kunnskap om korleis didaktiske planleggingsmodellar kan brukast i undervisninga
- kjenne til religiøse og kulturelle variasjonar i mat og måltid
- ha kunnskap om smak og smakspreferansar
- forstå og tolke ulike merkeordningar for mat
- kunne drøfte berekraftig og etisk matforbruk
Studenten skal kunne:
- planlegge og lage trygg og innbydande mat i tråd med dei nasjonale kostråda
- anvende grunnleggande teknikkar i praktisk matlaging
- planlegge, gjennomføre og vurdere læringsarbeidet i mat og helse ut frå læreplanen sin intensjon og innhald
- lage mat med fokus på kulturelt mangfald og berekraftig forbruk
- iverksette tiltak for å redusere matsvinn
- skildre smaksopplevingar ved hjelp av sensoriske uttrykk
- leie læringsarbeidet i mat og helse gjennom differensierte og varierte undervisningsmetodar og grunngje faglege og didaktiske val
Studenten skal kunne:
- drøfte omgrepet matdanning
- reflektere over og utvikle eigen profesjonalitet som lærer i mat og helse
- konkretiserte og integrere mål i læreplanen i tverrfaglege tema.
Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar og alle arbeidskrav må vere godkjente før framstilling til eksamen, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studentane skal gjennomføre tre individuelle oppgåver og to gruppeoppgåver. Studentar som ikkje tek faget som ein del av GLU skal i tillegg levere eit praktisk kompensatorisk arbeid :
- Fagdidaktisk oppgåve, undervisningsplanlegging i mat og helse
- Demonstrasjon på bruk av restemat
- Mat, måltid og religion frå andre kulturar
- Logg frå praktiske leksjonar på kjøkkenet
- Rapportar frå forsøk på kjøkkenet
- Praksiskompensatorisk arbeid
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i Canvas og på semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 1 000,-
- Food and Health (Home Economics) 1-7/5-10
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 25 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Praktisk-teoretisk eksamen. Eksamen vert gjennomført individuelt og varer i om lag 25 minutt per student. |