Semesters
MPRO211 Medieproduksjon - Oppdragsproduksjon
Emnet er praktisk-teoretisk og gir studentane kunnskap om og erfaring med innhaldsproduksjon på oppdrag for verksemder eller organisasjonar. Studentane skal produsere videoar i korte format, i tillegg til andre multimediale uttrykk tilpassa digitale kommunikasjonsplattformar. Produksjonane kan variere ut frå kva oppdragsgjevar dei har, men studentane må uansett gjere adapsjonar til ulike plattformer for å erfare korleis verkemiddel må tilpassast både plattform og målgruppe.
Studentane får ein brief frå oppdragsgjevar, og dei må aktivt bidra til å skape felles forståing for premissane i produksjonen gjennom å utforske både oppdragsgjevaren og målgruppa sine behov. Studentane skal planleggje innhald ut frå research, og rette innhaldet mot spesifikke målgrupper og plattformar. I emnet er det krav om systematisk arbeid med målgrupper gjennom heile produksjonsprosessen. I emnet legg vi vekt på kunnskap om ulike sjangrar innan oppdragsproduksjon, og evne til å tilpasse bodskapen til ulike digitale kommunikasjonsplattformar. Studentane skal ha eit bevisst forhold til yrkesetikk og diskutere etiske spørsmål knytt til oppdragsproduksjonen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om kva ein brief er i arbeidet med oppdragsproduksjon
- kunnskap om yrkesetikk i oppdragsproduksjon
- kunnskap om ulike sjangrar innan oppdragsfilm
- kunnskap om ulike metodar for å gjere research, målgruppeanalyse og idéutvikling
Studenten skal
- kunne vurdere briefen ut frå målsettinga til ein oppdragsgjevar og behova til målgruppa, og utvikle idéar ut frå denne innsikta
- kunne gjere nytte av ulike metodar i planlegging av multimedial historieforteljing
- kunne formidle ein bodskap ut frå kundebehov og målsetting, tilpassa ulike kanalar og målgrupper
- kunne setje opp eit realistisk budsjett for innhaldsproduksjonen
- kunne gjere etiske vurderingar i tråd med gjeldande yrkesetikk
Studenten skal
- vere i stand til å arbeide profesjonelt saman med både oppdragsgjevar og medstudentar
- vere i stand til å ta ulike rollar i ein produksjon
- ha evne til å halde seg oppdatert på digitale kommunikasjonsformar og –plattformar
Emnet er organisert i forelesningar, praktiske workshop, sjølvstendig arbeid, prosjektarbeid med enkamera- og/eller flerkameraproduksjoner, studentpresentasjonar og rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk deltaking i alle undervisnings- og arbeidsformer knytt til emnet jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6. For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha godkjent oppmøte og deltaking på minimum 80% av undervisning og organisert arbeid i emnet.
Arbeidskrav:
I emnet er det 5 arbeidskrav som må vere bestått for å kunne framstille seg til eksamen.
- Munnleg pitch i gruppe. Omfang: om lag 20 minutt.
- Produksjon i gruppe: Videoar i korte format.
- Individuell produksjon: Adapsjon av videomaterialet frå gruppearbeidet til ulike SoMe-plattformar retta mot spesifikke målgrupper. 2-3 produksjonar på under 30 sekund.
- Individuell sluttrapport som er ein refleksjon av arbeidskrav 2 og 3. Teksten skal følgje visse krav til akademisk skriving som blir spesifisert nærare for studentane ved semesterstart. Omfang: 2000 ord (+/- 10%).
- Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Dersom arbeidskravene ikke godkjennes ved første innlevering, kan studenten levere hvert arbeidskrav på nytt én gang i forbedret versjon.
- Media Production - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Mappa skal innehalde dei obligatoriske arbeidskrava 2-4 i emnet. Filformat: Tekst: PDF. Video: MP4 eller MOV. Foto: JPEG, PNG. SoMe-innhald: PDF. |