Semesters
MUS101 Inn i musikken 1
Det er tilrådd at studenten har noko instrumental eller vokal praksis.
MUS101 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir ei praktisk-teoretisk innføring i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, utøving og formidling. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkteori, høyrelære, arrangering, musikkorientering og hovudinstrument/bruksklaver. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskapar om:
- musikkteori og korleis musikken er bygd opp
- rytme, akkordar og melodigjengiving
- musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken fram til 1900-talet og norsk folkemusikk
- musikkutøving og framføringspraksis gjennom ulike former for samspel
- det å medverke i kor og/eller orkester
- Studenten får utfalde seg og utvikle seg på hovudinstrument og bruksklaver
Studenten kan:
- nytte hovudinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre
- nytte kunnskapane i høyrelære og musikkteori i arbeidet med musikkutøving og arrangering
- finne sin plass i orkesteret eller koret og bidra til kvalitet på ensemblet
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, og ein forventar aktiv deltaking av studenten. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Organisering av undervisninga vil veksle mellom plenum, større og mindre grupper. Arbeidsmåtar vil veksle mellom førelesing, nettleksjonar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
- Arbeidsmappe:
- To individuelle arbeid i arrangering - Obligatorisk deltaking på øvingar og konsertar med høgskulens kor og/eller orkester
- Få godkjent to testar i høyrelære/teori i løpet av semesteret
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Language and Literature - bachelor
- Music - bachelor
- Music - year course
- Music, freestanding courses
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kan omfatte både musikkorientering, musikkteori og høyrelære. |