Semesters
MUS101 Inn i musikken 1
Det er tilrådd at studenten har noko instrumental eller vokal praksis.
MUS101 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir ei praktisk-teoretisk innføring i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, utøving og formidling. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkteori, høyrelære, arrangering, musikkorientering og hovudinstrument. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
KunnskaparStudenten har grunnleggande kunnskapar om: musikkteori rytme, akkordar og melodigjengiving musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlige kunstmusikken fram til 1900-talet og norsk og samisk folkemusikk musikkutøving og framføringspraksis det å medverke i kor og/eller orkester FerdigheiterStudenten kan: nytte hovudinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre nytta kunnskapane i høyrelære og musikkteori i arbeidet med musikkutøving og arrangering finne sin plass i orkesteret eller koret og bidra til kvalitet på ensemblet
-
-
-
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.Organisering av undervisninga vil veksle mellom plenum, større og mindre grupper. Arbeidsmåtar vil veksle mellom førelesing, nettleksjonar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.