Semesters
MUS107 Musikk og livshandtering 1
Ingen
Innleiing:
Emnet tek utgangspunkt i musikalsk aktivitet som middel til modning, livshandtering og psykisk velvære.
Emnet vil gi teoretisk bakgrunnskunnskap og praktisk trening i skapande og medskapande musikkaktivitet, samtidig som musikkaktiviteten vil vere utgangspunkt for refleksjonar og diskusjonar om dei kommunikative og sosiale eigenskapane som slik aktivitet trenar opp. Det blir lagt vekt på det potensialet for modning og samfunnsintegrering som kan fylgje med musikkaktivitetar. Det estetisk-faglege er hovudfokus, men i dette emnet blir treninga av det estetisk-faglege i tillegg sett på som hjelp til etisk modning og integrering. Å delta i ein gruppeimprovisasjon, til dømes, vil då seie, i tillegg til å dyktiggjere seg på improvisasjon, å utvikle eigen toleranse, ansvarlegdom, samarbeidsvilje og evne til å sjå på kvar tilfeldig livshending som utgangspunkt for å skape noko positivt. Refleksjon og diskusjon er difor ein naturleg del av aktiviteten for nettopp å kunne nære både den estetisk-faglege og den personlege, etiske utviklinga like mykje.
Emnet har hovuddelene «Musikk og meistring», «Samsong og fellesskap», «Improvisasjon og fridom», «Akustikk og verdsetting» og «Inspirasjon og indre glød».
Forklaring av hovuddelene:
Musikk og meistring.
Musikk er eit språk på linje med andre uttrykksformer, eit språk som kan hente fram og formidle djupare skikt i oss enn det me veit å sette ord på. Mange har valt musikkspråket som uttrykksmiddel fordi dei trong det. Det å uttrykke seg musikalsk kan vere ein viktig reiskap til å bearbeide livserfaringar som har sett djupe kjenslespor. Gjennom musikkspråket kan ein då bevisstgjere desse kjenslene og uttrykke dei som byggesteinar i ein vakker og meiningsfull heilskap, sjølv kor vanskelege dei er å skildre med ord. På denne måten kan ein kaos-tilstand bli ein skapande tilstand, ein kan sette form på det som er formlaust, og slik bli i stand til å betrakte det utanfrå. På denne måten kan ein få perspektiv på - kome på høgde med, forstå kjenslemessig - erfaringane sine, og dermed kjenne at ein meistrar tilveret på ein annan måte.
Personleg modningsmål: Å kjenne at ein meistrar å skape musikk, og opplever den aktiviteten kopla med refleksjon som hjelp til å meistre livet.
Denne delen av undervisninga vil gjennom refleksjon, diskusjon og praktisk skapande utprøving bevisstgjere korleis musikkspråket virkar, korleis ein kan uttrykke seg gjennom musikk og korleis musikkaktivitetar kan vere ei hjelp til å meistre livet.
Samsong og fellesskap.
Å bruke stemma si som musikkinstrument foreinar dei djupe laga i ein som musikken talar om, med eins kropp og framtoning mot omverda, slik at ein med heile seg kan uttrykke det musikken uttrykker. Når ein då også gjer dette i samarbeid med andre, blir det gjerne oppretta ein gjennomgripande og sterk fellesskap, lik dei banda som under gode forhold kan vekse fram i ein familie. Samsongen er ein aktivitet som på det individuelle plan kan samstemme kropp og sjel og på det kollektive plan kan samstemme alle individa i gruppa til å gi seg sjølve som ei musikalsk gåve til tilhøyrarane.
Personleg modningsmål: Å oppleve seg som viktig del av ein musikalsk heilskap, og samtidig som viktig del av ein større positiv menneskeleg fellesskap.
Denne delen av undervisninga vil gjennom praktisk øving, framføring, diskusjon og refleksjon bevisstgjere kva synging og samsynging gjer med den syngande.
Improvisasjon og fridom.
Improvisasjon er skaping i augneblinken. Fri improvisasjon set ingen grenser for kva som er lov, men har berre som mål at ein bidreg til den musikalske heilskapen så godt ein kan. Ingenting er feil. Alt som kjem fram blir verande del av heilskapen og må aksepterast og brukast konstruktivt. Slik kan fri improvisasjon bli ei trening i å ta imot augneblinken og gjere det beste utav ein kvar situasjon. Fri improvisasjon i gruppe blir også ei trening i å akseptere kva både andre og ein sjølv har på hjartet, og ei bevisstgjering og styrking av kvar einskilds viktige rolle.
Personleg modningsmål: Å bidra til improviserande musikkskaping, og samtidig kjenne seg fri, akseptert og istand til å sjå på alle livssituasjonar som høve til å skape noko positivt.
Denne delen av undervisninga vil gjennom praktisk utprøving, refleksjon og diskusjon bevisstgjere innverknaden (og ansvaret) kvart individ har når det gjeld å forme den musikalske heilskapen og livet sitt på ein konstruktiv måte.
Akustikk og verdsetting.
Eit kor som opptrer i eit rom med lang etterklang, kan gjerne kjenne seg velkome og teke vare på av ein slik akustikk. Det er som om til dømes ein katedrals vegger, tak og golv set pris på at nokon syng der. Denne verdsettinga frå rommet kan gi ei oppleving av og tru på at ein har verdi, og at det ein kjem med er viktig. Slik blir den opplevde resonansen frå rommet ein innfallsport til å reflektere over «resonansen» me kan oppleve frå andre menneske når me kommuniserer, og «resonansen» me sjølve svarar andre med. Den resonansen er ikkje sjølvsagd. Men det akustisk svarande rommet kan bevisstgjere for oss kor viktig det er at me verdset dei me samhandlar med, at me prøver å vere lik dei velkomnande veggene og ta imot kvarandre sine impulsar som gåver å bygge vidare på.
Personleg modningsmål: Å oppleve at eins musisering blir teken imot av rommet og at ein sjølv som menneske blir høyrd og verdsett.
Denne delen av undervisninga vil gjennom praktisk erfaring, refleksjon og diskusjon bevisstgjere kor viktig akustikk er for musikken, og samtidig kor viktig det er å bli sett pris på av andre og sjølv å verdsette dei ein møter.
Inspirasjon og indre glød.
Inspirasjon er den gløden ein kjenner når ein gjer noko som ein har talent for og synest er viktig og meiningsfullt. Det er ei blanding av meistringsglede og utviklingsglede som slår tilbake frå arbeidet ein nett då gjer. Den gløden er også smittsam frå menneske til menneske: ein kan smittast av andre sin glød, ein kan smitte andre med sin eigen. Når ein er inspirert, kjenner ein det som om ein blir tilført all den energien ein treng.
Personleg modningsmål: Å oppleve at ein i musikkarbeidet får all den gløden og energien ein treng, og samtidig opplever å ha gløden generelt.
Denne delen av undervisninga vil gjennom praktisk erfaring, refleksjon og diskusjon bevisstgjere korleis ein kan finne inspirasjon i musikkaktiviteten og korleis ein kan bruke den medvite til å styrke seg sjølv og andre.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har grunnleggande kunnskap om musikkspråket, samsongen, den frie improvisasjonen, det akustisk svarande rommet, inspirasjonen – og refleksjonen omkring alt dette -som hjelp til å handtere livet sitt og finne indre balanse.
- har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid som blir drive innanfor samanhengen mellom musikkutøving/-skaping og livshandtering
- har kjennskap til korleis ho kan oppdatere og utvide kunnskapen sin om musikkspråket, samsongen, den frie improvisasjonen, det akustiske rommet og inspirasjonen.
- har kunnskap om teknikkar for å uttrykke seg i musikkspråket, i samsong, i fri improvisasjon, i svarande akustikk og å finne inspirasjon, i historisk perspektiv, og om desse teknikkanes eigenart og samfunnsmessige rolle.
Studenten:
- kan bruke kunnskapen om musikkspråkets, samsongens, den frie improvisasjonens, det akustisk svarande rommets og inspirasjonens velværefremjande og livshandteringsmessige rolle på eige musikalsk arbeid.
- kan reflektere over eige livshandteringsrelatert musikalsk arbeid og justere dette under rettleiing.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og kunnskap om livshandteringsrelaterte musikalske prosessar og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
- kan beherske teknikkar for å uttrykke seg musikalsk, teknikkar for fri improvisasjon, for utnytting av akustisk svarande rom og for å finne inspirasjon, og bruke desse teknikkane til musikkaktivitet i eit helse- og livshandteringsperspektiv.
Studenten:
- har innsikt i faglege og etiske problemstillingar knytt til samanhengen mellom musikk og livshandtering.
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid innanfor helse- og livshandteringsrelatert musikalsk verksemd, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan formidle sentrale idear, problemstillingar og løysingsmetodar innanfor livshandteringsrelatert musikalsk arbeid, både skriftleg, munnleg og praktisk-musikalsk.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i musikkspråkets, samsongens, den frie improvisasjonens, og inspirasjonens relasjon til helse/livskvalitet/livshandtering, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor helse- og livshandteringsrelatert musikalsk arbeid.
Undervisninga vil vere samlingsbasert, med tre konsentrerte bolkar gjennom semesteret. Kvar bolk vil gå frå torsdag til og med søndag. Dagane blir brukte intensivt, men det blir lagt opp til pause midt på dag, og det vil variere i forhold til arbeidsoppgåvene når ein avsluttar dagane. Arbeidet vil gå føre seg individuelt, i grupper og i plenum. Det vil i hovudsak gå ut på å fylgje førelesingar, delta i praktiske øvingar, løyse oppgåver, få tilbakemelding frå lærar og å utkrystallisere eigne meiningar gjennom diskusjon. Det blir gitt råd og vurdering undervegs av all oppgåveløysing gjennom studiet.
Undervisninga vert gitt på norsk.
Frammøtekrav:
Frammøte er obligatorisk (minst 80%) og må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Arbeidskrav:
Bidra aktivt i dei praktiske øvingane på kvar samling og levere ei refleksjonsoppgåve om dei utførte praktiske øvingane og det personlege utbytet av desse på ca. 500 ord i etterkant av kvar samling.
Førebuing til og deltaking i ein konsert med samsong og improvisasjon av studentane.
Ei skriftleg oppgåve på ca. 2000 ord over samanhengen mellom musikkspråket og menneskets livshandtering (tema gitt av faglærar ved starten av semesteret).
Arbeida vert vurderte til godkjent eller ikkje godkjent.
Arbeida må vere godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Music, freestanding courses
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Group | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Den praktiske delen er ei framføring av eit felles kreativt verk som inkluderer element frå øvingane som er gjennomgått i emnet. Dette verket skal ha ei lengd på ca. 20 minutt. | ||
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Refleksjonsteksten som er levert og godkjent som arbeidskrav er den teoretiske delen. |