Semesters
MUS144 Musikk og samspel 2
Ingen.
Det er tilrådd at studenten har notekunnskap og noko instrumental/vokalpraksis.
Emnet gir kompetanse innan praktisk og skapande musisering og tilrettelegging for, leiing og evaluering av ulike musikkaktivitetar. Studenten får undervisning mellom anna i eit valt fordjupingsinstrument, akkompagneringsinstrument (tangentar eller gitar/ukulele), arrangering og samspel i ulike typar ensemble, og bruk av musikkteknologi i skapande og utøvande aktivitetar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskap om den estetiske dimensjonen ved musikkfaget
- har kunnskap om øving og utøving på eit valt fordjupingsinstrument og akkompagneringsinstrument
- har innsikt i sentrale musikkpedagogiske metodar, verktøy og prosessar på ulike nivå
- har kunnskap om digitale media og verktøy for bruk i skapande og utøvande musikkverksemd
- har kunnskap om tverrfaglege prosessar der musikk inngår
Kandidaten:
- kan planlegge, leie og evaluere musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og treffe og grunngi faglege val
- kan finne, vurdere og vise til relevant musikkfagleg litteratur og praksis, og knytte dette til ei problemstilling
- kan nytte eit valt fordjupingsinstrument og akkompagneringsinstrument i utøvingssituasjonar åleine og i samspel med andre
- kan nytte musikkteknologiske verktøy i samarbeid med komponering og utøving
- kan arrangere og legge til rette for musikk i ulike besetningar og kontekstar
- kan nytte musikk i tverrfaglig arbeid og reflektere over tverrfaglege kreative prosessar
- kan reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og praksis og justere desse under rettleiing
Kandidaten:
- kan bruke kunnskap og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
- kan nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
- kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan fagområdet og slik bidra til utvikling av god praksis
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert nytta både klasserom og nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, samspel, og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesningar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Eit individuelt skriftleg arbeid (2000 ord+/- 20%) knytt til instrumentundervising og samspel
- Tre individuelle arbeid innan arrangering
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av eit samspelprosjekt i gruppe
- Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Music - bachelor
- Music - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Framføring av eit repertoar på hovudinstrument og akkompagneringsinstrument. |