Semesters

MUS1A-110KFK Oppleving, utøving og skaping i musikkfaget

Course code: 
MUS1A-110KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Det er tilrådd at studenten har noko erfaring i instrumental/vokal praksis.

Course content

Det er eit hovudfokus på kjerneelementa å oppleve, utøve og skape musikk, med mål om å gi alle elevar ein solid musikalsk kompetanse gjennom inkluderande og tilpassa opplæring, og å auke elevane si interesse, meistring og glede i musikk.

Det blir lagd opp til ei tett kopling mellom utvikling av fagdidaktisk og praktisk-teoretisk kompetanse, og undervisning i grunnleggande musikkteori og ulike typar musikknotasjon er knytt opp til praktiske aktivitetar med relevans for musikkundervisning i skulen.

Studenten får undervisning i ulike bandinstrument knytt til samspelsaktivitetar, skaping og arrangering av musikk ved bruk av musikkteknologi, og ei innføring i bruk av enkelt lydanlegg og mikrofonar.

Studenten skal opparbeide seg eit breitt repertoar av didaktiske metodar for musikkundervisning og for utvikling av grunnleggande ferdigheiter i musikkfaget, samt forståing for utfordringar og moglegheiter for faget i eit digitalt samfunn.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har 

  • kunnskapar om sentrale musikkpedagogiske metodar, verktøy og prosessar for ulike nivå og aldersgrupper
  • kunnskapar om musikkutøving og framføringspraksis gjennom ulike former for samspel 
  • kunnskapar om grunnleggande musikkteori og arrangering, og ulike typar musikknotasjon
  • kjennskap til digitale media og verktøy for bruk i skapande og utøvande musikkverksemd
Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • planlegge, leie og evaluere musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre 
  • arrangere og legge til rette musikalsk materiale for song og samspel i ulike grupper   
  • nytte ulike bandinstrument i samspelssituasjonar, og reflektere over eigne ferdigheiter
  • komponere musikk ved bruk av musikkteknologi  
  • sette opp og bruke enkelt PA-anlegg og mikrofonar i framføringssituasjonar
Learning outcome qualification

Studenten kan  

  • bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar   
  • vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
  • bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
  • nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Working and learning activities

Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda. I tillegg vert det lagd opp til nettleksjonar annakvar veke, samt nettbaserte møte for erfaringsdeling ein time annakvar veke.

Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning, praktisk utprøving og rettleiing i varierte arbeidsmåtar og prosessar i musikkfaget.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. 

Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 

Arbeidskrav:

  1. Ei praktisk prøve i rigging og kopling av eit PA-anlegg. 
  2. 80 % gjennomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist.
Evaluation system
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Marie Bortheim
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Group
2 Days
Pass / fail
100
Praktisk/munnleg gruppeeksamen i planlegging, leiing og evaluering av praktiske musikkaktivitetar. Individuell vurdering.