Semesters
MUS201 Musikk i kulturskulen
Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande)
Emnet i instrumentaldidaktikk er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i fordjuping eller vidareutdanning i musikk.
Emnet omfattar hovudområda musikkpedagogikk, generell instrumentalmetodikk og hovudinstrument. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd i kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- faglege og metodiske element innan instrumentalopplæring
- didaktiske og metodiske element knytt til undervisning på hovudinstrumentet
- kulturskulen; innhald og organisering
- musikkterapi, musikk og helse, musikk og identitet
- innstudering og framføring i kor og/eller instrumentalensemble
Studenten kan:
- framføre eit variert repertoar åleine og i samspel med andre på hovudinstrumentet
- planlegge, grunngi og leie undervisningsopplegg for elevar i kulturskulen, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnader og interesse
- reflektere over didaktiske og musikkfaglege utfordringar i undervisningssituasjonen
Studenten har kompetanse i utøvande og pedagogisk verksemd i kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert gitt indivduell undervisning på hovudinstrument.
Praksis: Det vert lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen eller vidaregåande skule.
For studentar som ikkje tek emnet Arrangering (MUS212), er det obligatorisk deltaking i høgskulens kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar kan få fritak.
Forprøve:
- Hovudinstrument: Utøving og undervisningsmetode.
- Deltaking i kollokviegruppe. 4 mindre skriftlege oppgåver mellom 250-1000 ord.
- Eitt individuelt skriftleg arbeid på 2500 ord, dette arbeidet går til eksamensmappe.
Det er obligatorisk deltaking for andreårsstudentar i bachelorgraden på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar har fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Music
- Music - bachelor
- Music, second one-year unit
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |