Semesters

MUS205 Bacheloroppgåve i musikk

Course code: 
MUS205
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Musikk årsstudium eller tilsvarande og minst eitt emne på fordjupingsnivå i musikk.

Course content

Gjennom bacheloroppgåva skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig fagleg arbeid som er relevant i høve til den faglege fordjupinga studenten har valt. Arbeidet med oppgåva skal gi studenten høve til å spesialisere seg innanfor eitt emne. Bacheloroppgåva skal såleis byggje vidare på eit fullført emne på fordjupingsnivå. Studenten skal kunne nytte erverva kunnskap i nye samanhengar og skal nytte relevante metodar i arbeidet. Oppgåva skal vise fagleg fordjuping og god presentasjon av valt emne.

Learning outcome

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • ei avgrensa musikkfagleg problemstilling, i tillegg til litteratur og andre former for dokumentasjon rundt det valte temaet 
  • utvikling og forståing for utvalde retningar innan vitskapsteori og metode som har relevans for fagfeltet
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innanfor fagfeltet
  • avgrense problemfeltet, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat, og nytte erverva kunnskap i nye samanhengar
Learning outcome qualification

Studenten:

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Working and learning activities

Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under rettleiing av faglærar. Rettleiar vert oppnemnd etter val av oppgåvetype. Det vert gitt innføring i vitskapsteori, metode og oppgåveskriving. Bacheloroppgåva kan dokumenterast anten a) som rein skriftleg oppgåve eller b) som kombinerte, praktisk-skriftlege oppgåver. Uavhengig av kva dokumentasjonsform ein vel, skal bacheloroppgåva innehalde eit dokumentasjonsskriv som presenterer mål, innhald, metode og litteratur som er nytta i arbeidet med oppgåva. 

Oppgåvetypane:

Rein skriftleg oppgåve - omlag 25 sider.

Komnbinerte oppgåver: a) Konsert og oppgåve - oppgåve omlag 15 sider, konsert mellom 35 og 45 minutt. b) Kunstnarleg arbeid og oppgåve - oppgåve omlag 15 sider, i tillegg til anna materiale som; notemateriale, lydmateriale, video. 

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til samlingar, førelesingar og rettleiing. 

Arbeidskrav:

  • Det er obligatorisk framlegging i plenumsmøte.
  • Sjølvvalt pensum på ca. 300 sider må vere godkjend av rettleiar.
Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Stein Helge Solstad
Used in other programs
  • Music - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Det vert gitt ein samla karakter.
a) Rein skriftleg oppgåve. Vurderinga er basert på ei skriftleg oppgåve på 7000-9000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna), og ei munnleg, justerande prøve.

b) Kombinert, praktisk-skriftleg oppgåve. Vurderinga er basert på eit kunstnarisk produkt (framføring, komposisjon/arrangement eller CD-produkt), ei skriftleg oppgåve på 5000-6000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna), og ei munnleg, justerande prøve. Den skriftlege delen skal ta for seg aspekt ved den kunstnariske delen.
Approval signature: 
Unni Hagen