Semesters

MUS205 Bacheloroppgåve i musikk

Course code: 
MUS205
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande) og minst eitt emne på fordjupingsnivå i musikk.

Course content

Gjennom bacheloroppgåva skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig fagleg arbeid som er relevant i høve til den faglege fordjupinga studenten har valt. Arbeidet med oppgåva skal gi studenten høve til å spesialisere seg innanfor eitt emne. Bacheloroppgåva skal såleis byggje vidare på eit fullført emne på fordjupingsnivå. Studenten skal kunne nytte erverva kunnskap i nye samanhengar og skal nytte relevante metodar i arbeidet. Oppgåva skal vise fagleg fordjuping og god presentasjon av valt emne.
Oppgåva kan vere knytt til:

  • Musikkpedagogikk med fokus på grunnskule, vidaregåande skule, kulturskule, fritidsmusikklivet
  • Musikkformidling
  • Musikkteknologi
  • Musikkutøving: instrumental, vokal eller direksjon
  • Komponering/arrangering
  • Musikkhistorie
Learning outcome

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om: ei avgrensa musikkfagleg problemstilling i ein brei kontekst litteratur og andre former for dokumentasjon rundt det valte temaet forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar og dugleik i faget utvalde retningar innan vitskapsteori og metode som har relevans for fagfeltet.

Learning outcome skills

Studenten kan: gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innanfor fagfeltet, kunne avgrense problemfeltet, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat nytte erverva kunnskap i nye samanhengar.

Learning outcome qualification

Studenten: har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i tråd med etiske krav og retningsliner kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis

Working and learning activities

Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under rettleiing av faglærar. Rettleiar vert oppnemnd etter val av oppgåvetype.Det vert gitt innføring i vitskapsteori, metode og oppgåveskriving. Undervisninga er lagd til vårsemesteret.Bacheloroppgåva kan dokumenterast som skriftleg tekst, praktisk/munnleg prøve, konsert, notemateriale, lydmateriale eller videomateriale. Uavhengig av kva dokumentasjonsform ein vel, skal bacheloroppgåva innehalde eit dokumentasjonsskriv som presenterer mål, innhald, metode og litteratur som er nytta i arbeidet med oppgåva.

Assessment requirements

Det er obligatorisk frammøte til samlingar, førelesingar og seminar. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Stein Helge Solstad
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade