Semesters

MUS223 Komposisjon og improvisasjon

Course code: 
MUS223
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Musikk årsstudium eller tilsvarande. 

Course content

Komposisjon og improvisasjon er eit emne der studenten skal finne potensial i eit musikalsk materiale og arbeide mot å utvikle eit personleg musikalsk uttrykk. I undervisinga vert det fokusert på eit utval prinsipp og teknikkar for komposisjon og improvisasjon, og intuitive gehørsbaserte arbeidsmåtar i samspel. Emnet omfattar både skriftlege og praktiske arbeid. Studenten skal reflektere over eigenutvikling og kunstnarlege prosessar. Emnet kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komposisjon og improvisasjon i skulen, kulturskulen og det frivillige musikklivet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har kunnskap om

  • eit utval komposisjons- og improvisasjonsteknikkar
  • intuitive prosessar
  • forskings- og utviklingsarbeid innanfor feltet

 

Learning outcome skills

Kandidaten kan

  • bruke komposisjons- og improvisasjonsteknikkar i eige kreativt arbeid
  • produsere eit tradisjonelt partitur
  • reflektere over eige musikkskapande arbeid og drøfte ulike alternativ for vidareutvikling
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • har innsikt i faglege og etiske problemstillingar, særleg knytt til opphavsret og bruk av nyskriven musikk
  • kan planlegge og evaluere arbeidsoppgåver og prosjekt innan komposisjon og improvisasjon
  • kan formidle sentrale idear og problemstillingar både skriftleg, munnleg og praktisk-musikalsk
  • kjenne til nytenking og innovasjonsprosessar innan feltet
Working and learning activities

Emnet har ei samlingsbasert organisering. Arbeidsmåtar vekslar mellom forelesing, praktisk arbeid i grupper og individuelt arbeid under rettleiing.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervising jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6

Arbeidskrav:

  1. 3 oppgåver i komposisjon og improvisasjon
  2. Førebuing til og deltaking i ein konsert med komposisjonar og improvisasjonar av studentane
  3. Ein skriftleg tekst på minst 2000 ord knytt til eige praktisk arbeid
Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Lars Ove Stene Fossheim
Used in other programs
  • Music - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
0 %
Eksamensmappa skal innehalde tre oppgåver innan komposisjon, improvisasjon og refleksjon. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering.
Adjusting oral examination
Individual
-
100 %