Semesters
MUS230 Bacheloroppgåve i musikk
Musikk årsstudium eller tilsvarande og minst eitt emne på fordjupingsnivå i musikk
Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve over ein sjølvvald problemstilling. Gjennom bacheloroppgåva skal studenten få øving i å planlegge og gjennomføre eit større sjølvstendig fagleg arbeid i tråd med forskingsmetodiske krav og forskingsetiske retningsliner. Arbeidet skal vere rettleia. Oppgåva skal bygge på kunnskap frå eitt eller fleire fordjupingsemne i bachelorstudiet og skal inkludere ein komponent med praktisk musisering eller skaping, til dømes ein konsert, ein lydproduksjon eller eit musikkdidaktisk prosjekt som studenten gjennomfører og som genererer eit forskingsmateriale for oppgåva. Eksamen har tre delar: a) den praktiske komponenten; b) den skriftlege komponenten; c) den munnlege justerande eksamen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kjenner til
- sentrale vitskapsretningar som har relevans for fagfeltet
- normer for vitskapleg arbeid, grunnleggande vitskapsteori og ulike forskingsmetodar som har relevans for fagfeltet
Studenten kan:
- planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innanfor fagfeltet.
- avgrense problemfeltet, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat, og nytte erverva kunnskap i nye samanhengar.
Studenten:
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i tråd med etiske krav og retningsliner.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis.
Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under obligatorisk rettleiing av faglærar. Rettleiar vert oppnemnd etter val av oppgåvetype. Det vert gitt innføring i vitskapsteori, metode og oppgåveskriving med tilhøyrande arbeidskrav, og eit bachelorseminar med obligatorisk framlegging av forskingsskisse med tema og problemstilling. Undervisninga kan ta til på haustsemesteret.
Den praktiske komponenten i bacheloroppgåva skal leggjast fram i god tid før den skriftlege innleveringa, jamfør semesterplan.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til samlingar, forelesingar og rettleiing.
Arbeidskrav:
- forskingsskisse levert medio januar
- teorikapittel og metodekapittel levert innan gitte fristar
- deltaking på bachelorseminar med framlegging og medstudentrettleiing
- tre obligatoriske rettleiingar
- sjølvvalt pensum på ca. 300 sider må vere godkjend av rettleiar
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 1 Semester | Pass / fail | Ei praktisk oppgåve (t.d. konsert, kunstnarleg produkt, didaktisk opplegg) inntil 40 minutt. Gjennomført og bestått på denne delen er ein føresetnad for å få levere skriftleg oppgåve. | |||
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 0 % | Ein akademisk tekst. Det vert gjeven ein foreløpig karakter. | 5000 ord (+/- 10%). Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. | |
Adjusting oral examination | Individual | - | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % | Ein munnleg presentasjon som justerer den samla karakteren for akademisk oppgåve. |