Semesters

NAMABHG Naturfag og matematikk i barnehagen

Course code: 
NAMABHG
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Førskule-/barnehagelærarutdanning

Course content

I dette emnet skal studenten utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag til å kunne planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn. Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar og dugleik til å legge til rette for gode naturopplevingar for barn, og stimulere barna til undring og utforsking.

Innhaldet i emnet er landskapsformer, geologiske prosessar, evolusjon, biologisk mangfald, berekraftig utvikling, økologi, anatomi og fysiologi, naturkunnskap, årstider, naturen som spiskammers, kjøkken som læringsarena, kosthald- og ernæringslære, fysikkaktivitetar og teknologi i barnehagen, tid og tidsmåling, universet og planetane, utvikling av matematiske omgrep og matematikk som reiskap til utforsking, problemløysing og til å forstå omverda.

I undervisninga blir det fokusert på barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barna varierte erfaringar med tilpassa naturfaglege og matematiske aktivitetar. Kunnskapsbasen i emnet byggjer på naturfag og matematikk, og kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barns naturfaglege og matematiske utvikling. Det blir lagt vekt på barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til emnet. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • naturvitskaplege arbeidsmåtar og om korleis matematiske omgrep, modellar og tenkemåtar kan brukast til å forstå naturen og naturfenomen

  • barns matematiske utvikling, undring og utforsking, problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk, og verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk

  • evolusjon, systematikk, artskunnskap, biologisk mangfald og berekraftig utvikling

  • anatomi og fysiologi, økologi, økosystem, plantar og dyr i nærområdet og endringar i naturen gjennom årstidene

  • tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking

  • barns merksemd i naturen, barns utvikling, læring og opplevingar knytt til bruk av naturen

  • retningslinjer for mat og måltid i barnehagen, kostvanar hos barn og utfordringar med kosthaldet i barnehagen

  • korleis nytte matressursar frå naturen og sikre trygg mat i barnehagen

  • universet, sola, jorda og månen

  • teknologi og fysiske fenomen knytt til lys, lyd og luft

  • kvifor landskapet i nærområdet ser ut som det gjer, og korleis geologiske prosessar endrar naturen over tid. 

Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøke både flora og fauna, ulike landskapselement og naturfenomen

  • gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analysere, kartlegge og følgje opp barns naturfaglege og matematiske utvikling

  • ta omsyn til barns merksemd i naturen, vere ein bevisst rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeidet med naturfag og matematikk i barnehagen

  • organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø der barna blir inspirerte til å utforske naturen, matematiske problem og samanhengar

  • planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø til ulike årstider

  • lage gode didaktiske planar i naturfag og matematikk

  • planlegge, gjennomføre og evaluere mat- og måltidsrelaterte aktivitetar med barn basert på lokale naturressursar

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar knytt til naturfag og matematikk med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere pådrivar for arbeid med desse faga i barnehagen

  • dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med naturfag og matematikk, og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid i desse faga

  • vere aktiv i samtidas barnehagefaglege diskusjonar knytt til naturfag og matematikk

  • vurdere eit kosthald som er helsefremjande, planlegge og gjennomføre kunnskapsbaserte måltid i barnehagen og setje i gang og leie måltidsdiskursar i barnehagen

Working and learning activities

Undervisninga er organisert med tre samlingar à to dagar per semester, og i tillegg nettundervisning mellom samlingane.

Studenten må òg arbeide sjølvstendig med pensum og pålagde arbeidsoppgåver gjennom heile studieåret.  

Vi tek sikte på å bruke element frå mat og helse og kjøkken som læringsarena for matematikk og naturfag.

Delar av undervisninga på samlingane går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt høgskulen og område lenger unna. Studenten må dermed kle seg etter vêr og årstid.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i dette emnet, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 7-3 om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava.

For meir informasjon om arbeidskrav, sjå § 7-2 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Nærare utdjuping av arbeidskrava vert gitt undervegs i studiet.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Minimum number of students: 
5-7
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Expenses

400 kr

Used in other programs
  • Science and Mathematics for Pre-Scool Teachers - Continued Professional Development Course (30 ECTS)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
2500 - 3000 ord.