Semesters
NAT121 Stoffer, energi og berekraft
Ingen.
Emnet gir den naudsynte faglege og didaktiske kompetansen for å undervise naturfag med vekt på kjemifaget på 8.-13. trinn (ungdomstrinn, vg1 og vg3 påbygg). Emnet tek for seg sentrale kompetansemål frå læreplanane i naturfag for 8.-13. trinn og knyt desse til grunnleggande tema i kjemi. Tema som klimaendringar, fotosyntesen og celleanding, karbonkretsløpet, helse, DNA, legemidlar og doping, berekraft og miljøgifter i næringskjede er skildra og forklart uti frå relevante grunnleggande konsepta/tema i kjemi. Desse konsepta/tema i kjemi er atomet sin bygnaden, periodesystemet, eigenskapar til stoff, massebalansen, uorganiske kjemiske sambindingar, energien i kjemiske reaksjonar, reaksjonsfart og likevekt, syrer og basar, organiske sambindingar, næringsstoff og andre biomolekyl. I kjemididaktikk/naturfagdidaktikk er lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling, utforskande arbeid og djupnelæring i naturfag. Sikkerheit ved gjennomføring av praktisk arbeid inngår òg i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- kan gjere greie for atommodellar, korleis periodesystemet er bygd opp og periodiske trendar
- har kunnskap om eigenskapar til grunnstoff og kjemiske bindingar
- har kunnskap om samansetninga og eigenskapar til vanlege uorganiske molekyl og saltar
- har kunnskap om syre-base reaksjonar, pH og likevekt i kjemiske reaksjonar
- kan forklare samanhengen mellom drivhuseffekten, globale klimaendringar og forsuring av havet ut ifrå eigenskapar og reaksjonar til CO2
- kan forklare de kjemiske prinsippene i korrosjon, forbrenning, fotosyntese og celle andinga
- har kunnskap om bygnaden, eigenskapar og reaksjonar til organiske sambindingar
- kan forklare samanhengen mellom fotosyntesen, celleandinga og karbonkretsløpet frå et kjemisk perspektiv
- kan gjere greie for oppbygging, eigenskapar og energien til ulike næringsstoff
- kan gjere greie for korleis energien til ulike næringsstoff hengar saman med et variert kosthald og berekraftperspektiv
- har kunnskap om oppbygging til DNA, RNA, ATP og ADP
- har kunnskap om nedbrytbarhet til ulke typer plast og korleis nokre miljøgifter akkumulerast i næringsskjedar
- har kunnskap om undervisningsmetodar knyta til utforskande arbeid og djupnelæring som kan nyttast i undervisning av kjemi/naturfag
Studenten
- skal kunne vurdere og anvende modeller ved undervising av kjemi/naturfag
- skal kunne gjennomføre praktisk undervisning i kjemi/naturfag med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- skal kunne legge til rette for utforskende arbeid ved undervisning i kjemi/naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan planlegge, tilpasse, gjennomføre og evaluere naturfagundervisning i tråd med læreplan i naturfag (LK20)
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer fysisk på campus Høgskulen i Volda, på ei samling á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, og enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Arbeidskrav:
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- fagrapport frå to laboratorieøvingar
- samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % | Alle. |