Semesters
NAT122 Jorda, livet på jorda og berekraft
Ingen.
Emnet tek for seg grunnleggande tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Tema som vert underviste er knytt til kjerneelementet “Jorda og livet på jorda” samt at det blir lagt vekt på å gjennomgåande inkludere teknologi og naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar Emnet inkludera:
- Geologi og jorda si historie
- Biologisk mangfald, systematikk og taksonomi
- Evolusjon
- Økologi
- Klimaforandringar og menneskeleg påverknad
- Berekraftig utvikling
Fagdidaktikk vert undervist som ein integrert del av emnet og det blir særleg lagt vekt på:
- Utforskande arbeidsmåtar
- Djupnelæring
- Argumentasjon
- Grunnleggande ferdigheiter
- Læringsprogresjon og vurdering
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet
- kunnskap om biologisk mangfald, økosystem og viktige organismegrupper tilpassa norsk natur
- kunnskap om evolusjon og rolla til arv, genetisk variasjon og DNA i desse prosessane
- kunnskap om stoffar sine kretsløp i naturen, samt korleis nokre miljøgifter blir akkumulert i næringskjeda
- kunnskap om miljøutfordringar og samanhengen mellom vær, klima og ekstremvær og korleis dette påverkar leveforholda til ulike organismar på jorda
- kunnskap om berekraft og korleis ein kan undervise om dette temaet i skulen
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 8.-13. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar, djupnelæring og grunnleggande ferdigheiter
- gjennomføre praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdera nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- har innsikt i undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeidsog tankemåtar som blir nytta i naturfag
- kan legge til rette for overgangen frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på og omkring campus Høgskulen i Volda og involverer ei samling på 3 dagar. I samband med praktiske feltøvingar må det reknast med køyring til lokalitetar. Nærare informasjon om undervisninga vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk.
Arbeidskrav:
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- Bestå ein digital artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar
- Rapportering frå feltarbeid med bruk av digitale verktøy
- Levere ein poster om rolla til økosystem i eit klimaperspektiv
- Utvikle eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 % | 1. Poster, 2. Undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving. | ||
Oral examination | Individual | - | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 % |