Semesters

NAT122 Jorda, livet på jorda og berekraft

Course code: 
NAT122
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet tek for seg grunnleggande tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Tema som vert underviste er knytt til kjerneelementet “Jorda og livet på jorda” samt at det blir lagt vekt på å gjennomgåande inkludere teknologi og naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar Emnet inkludera:

  • Geologi og jorda si historie
  • Biologisk mangfald, systematikk og taksonomi
  • Evolusjon
  • Økologi
  • Klimaforandringar og menneskeleg påverknad
  • Berekraftig utvikling

Fagdidaktikk vert undervist som ein integrert del av emnet og det blir særleg lagt vekt på:

  • Utforskande arbeidsmåtar
  • Djupnelæring
  • Argumentasjon
  • Grunnleggande ferdigheiter
  • Læringsprogresjon og vurdering
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet
  • kunnskap om biologisk mangfald, økosystem og viktige organismegrupper tilpassa norsk natur
  • kunnskap om evolusjon og rolla til arv, genetisk variasjon og DNA i desse prosessane
  • kunnskap om stoffar sine kretsløp i naturen, samt korleis nokre miljøgifter blir akkumulert i næringskjeda
  • kunnskap om miljøutfordringar og samanhengen mellom vær, klima og ekstremvær og korleis dette påverkar leveforholda til ulike organismar på jorda
  • kunnskap om berekraft og korleis ein kan undervise om dette temaet i skulen
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 8.-13. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar, djupnelæring og grunnleggande ferdigheiter
  • gjennomføre praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdera nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
  • har innsikt i undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeidsog tankemåtar som blir nytta i naturfag
  • kan legge til rette for overgangen frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Working and learning activities

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på og omkring campus Høgskulen i Volda og involverer ei samling på 3 dagar. I samband med praktiske feltøvingar må det reknast med køyring til lokalitetar. Nærare informasjon om undervisninga vil bli gitt i semesterplanen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. 

Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk. 

Arbeidskrav:

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:

  1. Bestå ein digital artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar
  2. Rapportering frå feltarbeid med bruk av digitale verktøy
  3. Levere ein poster om rolla til økosystem i eit klimaperspektiv
  4. Utvikle eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Carlos Magnusson
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40 %
1. Poster, 2. Undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving.
Oral examination
Individual
-
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60 %