Semesters
NAT152 Praktisk naturfag og tryggleik i praktisk arbeid
Ingen.
Emnet gir innføring i praktisk arbeid i naturfag, og legg vekt på tryggleik i laboratoriet og i felt. Gjennom fire samlingar (to på haust og to på vår) vert studentane kjende med eksperimentelt arbeid i biologi, kjemi og fysikk, og lærer rutinar for sikkert arbeid i naturfagslaboratoriet og ved feltarbeid, inkludert handtering av risikoavfall og prosedyrar ved ulukker. I den fjerde samlinga vert det lagt vekt på tverrfagleg arbeid der element frå biologi, kjemi, fysikk og teknologi vert fletta saman i utforskande forsøk. Emnet passar godt for lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre praktisk og eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- Skal ha grunnleggande kunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
- Skal kunne tolke datablad til kjemikaliar med tanke på risikovurderingar av laboratorieforsøk
- Skal kjenne til rutinar for handtering av kjemikaliar og risikoavfall
- Skal kjenne til rutinar for handtering av ulukker i laboratorium og i felt
- Skal ha fagdidaktisk kunnskap i naturfag
- Skal ha kunnskap om framgangsmåtar i praktisk utforskande naturfagarbeid.
- Skal ha kjennskap til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen kunnskap om undervisning og for eleven sin læring
Studenten
- Skal kunne vurdere, planlegge og gjennomføre tverrfagleg praktisk utforskande naturfagarbeid
- Skal kunne formulere relevante forskingsspørsmål på bakgrunn av fagkunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
- Skal kunne planlegga, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader
- Skal kunne nytte laboratorieutstyr og handtere kjemikaliar på ein forsvarleg måte
Studenten
- Skal øva opp evne til å tenke tverrfagleg om praktisk naturfagarbeid og naturfagundervisning
- Skal øva opp evne til refleksjon om naturvitskapleg tenkemåte og verdien av praktisk utforskande arbeid i naturfag.
Studiet går over to semester med to samlingar på haust og to samlingar på vår.
Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt
Frammøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Arbeidskrav:
- Demonstrasjon av sikkerheit i lab
- Blogg med innlegg etter kvar samling
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | Pass / fail | 100 % | Arbeidskrava inngår i mappa. |