Semesters

NAT152 Praktisk naturfag og tryggleik i praktisk arbeid

Course code: 
NAT152
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet gir innføring i praktisk arbeid i naturfag, og legg vekt på tryggleik i laboratoriet og i felt. Gjennom fire samlingar (to på haust og to på vår) vert studentane kjende med eksperimentelt arbeid i biologi, kjemi og fysikk, og lærer rutinar for sikkert arbeid i naturfagslaboratoriet og ved feltarbeid, inkludert handtering av risikoavfall og prosedyrar ved ulukker. I den fjerde samlinga vert det lagt vekt på tverrfagleg arbeid der element frå biologi, kjemi, fysikk og teknologi vert fletta saman i utforskande forsøk. Emnet passar godt for lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre praktisk og eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • Skal ha grunnleggande kunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
  • Skal kunne tolke datablad til kjemikaliar med tanke på risikovurderingar av laboratorieforsøk
  • Skal kjenne til rutinar for handtering av kjemikaliar og risikoavfall
  • Skal kjenne til rutinar for handtering av ulukker i laboratorium og i felt
  • Skal ha fagdidaktisk kunnskap i naturfag
  • Skal ha kunnskap om framgangsmåtar i praktisk utforskande naturfagarbeid.
  • Skal ha kjennskap til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen kunnskap om undervisning og for eleven sin læring
Learning outcome skills

Studenten

  • Skal kunne vurdere, planlegge og gjennomføre tverrfagleg praktisk utforskande naturfagarbeid
  • Skal kunne formulere relevante forskingsspørsmål på bakgrunn av fagkunnskapar i biologi, kjemi, fysikk og teknologi
  • Skal kunne planlegga, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader
  • Skal kunne nytte laboratorieutstyr og handtere kjemikaliar på ein forsvarleg måte
Learning outcome qualification

Studenten

  • Skal øva opp evne til å tenke tverrfagleg om praktisk naturfagarbeid og naturfagundervisning
  • Skal øva opp evne til refleksjon om naturvitskapleg tenkemåte og verdien av praktisk utforskande arbeid i naturfag.
Working and learning activities

Studiet går over to semester med to samlingar på haust og to samlingar på vår.

Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga skjer digitalt

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

  1. Demonstrasjon av sikkerheit i lab
  2. Blogg med innlegg etter kvar samling
Evaluation system
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Øyvind Arne Høydal
Carlos Magnusson
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semester
Pass / fail
100 %
Arbeidskrava inngår i mappa.