Semesters
NF101U Naturfag 1 - Fysikk og kjemi (5-10)
Ingen.
Undervisninga i NF101U, saman med NF102U, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).
Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og fagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, uorganisk og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
- kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
- kunnskap om krefter, rørsle og likevekt
- kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys
- kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
- kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og kjemiske reaksjonar.
- kunnskap om formlar og namn på uorganiske sambindingar.
- kunnskap om skriving og balansering av reaksjonslikningar, kjemisk likevekt og syrer og baser
- kunnskap om varme, uorden og spontanitet.
- kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
- gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 2 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Fremmøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav:
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- fagrapport frå to laboratorieøvingar
- samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
- ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» § 5-11.
Ingen.
Ingen.
- Natural Sciences for Teachers 1, Grades 5-10
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått |