Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
NF102U Naturfag 1 - Biologi og geofag (5-10)
Ingen.
Undervisninga i NF102U, saman med NF101U, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).
Emnet tek for seg tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Anatomi, fysiologi, økologi, berekraft og landformande prosessar er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
- kunnskap om anatomi og fysiologi hjå plantar og dyr
- kunnskap om bygnad og funksjon til nokre sentrale organsystem hjå mennesket og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
- kunnskap om økologi, berekraft og miljø- og klimautfordringar, samt korleis undervise dette tema gjennom bruk av læringsaktivitetar inne og ute
- kunnskap om ulike naturtypar og biologisk mangfald, samt kunne namnsette og ha kunnskap om artar tilpassa norsk natur
- kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet
- kunnskap om samanhengen mellom vær, klima og ekstremvær
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
- gjennomføre praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdera nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på og omkring campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 3 dagar. I samband med praktiske feltøvingar må det reknast med køyring til lokalitetar. Nærare informasjon om undervisninga vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- Bestå to digitale artsprøvar basert på ei liste på 150 pensumartar
- Levere ein fagartikkel inkludert medstudentvurdering
- Levere samlerapport frå laboratoriearbeid
- Utvikle eit undervisningsopplegg med individuell didaktisk grunngjeving
- Munnleg rapportering frå feltarbeid
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Ingen.
Ingen.
- Natural Sciences for Teachers 1, Grades 5-10
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | 1. Fagartikkel 2. Utvikling av eit undervisnings-opplegg med individuell didaktisk grunngjeving | ||
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Ingen |