Semesters
NO103N Tekst og struktur
Ingen.
Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Emnet kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt:
TP1: Lyrikk
TP2: Epikk
TP3: Dramatikk
Tekst og struktur er eit basisemne som bør takast som første litterære emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggande kunnskap om
- sentrale kjennteikn ved ein litterær tekst
- dei litterære hovudsjangrane
Studenten
- er kjend med sentrale metodiske omgrep og kan bruke desse i praktisk tekstanalyse
- kan utforme analysen i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Studenten skal levere individuelle arbeidskrav. Studenten skal levere ei oppgåve av eit nærare fastsett omfang innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny og forbetra versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- History - bachelor (net-based)
- Norwegian year course
- Norwegian year course, part time
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital examination | Individual | 2 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 1/3 | Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på nynorsk. | ||
Home exam | Individual | 7 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2/3 | Digital eksamen. Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på nynorsk. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. | Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. |