Semesters

NO104N-AVG Tekst og kultur

Course code: 
NO104N-AVG
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Tekstutvalet i Tekst og kultur (NO104N) gir eit bilete av den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:

TP1: Litteratur før 1800
TP2: 1800-talet
TP3: Litteratur etter 1990

Tekst og kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk, som del av studieprogrammet Bachelor i språk og litteratur, eller som fritt emne i andre bachelorløp. Det litterære basisemnet i årsstudiet er Tekst og struktur (NO103N). Ein rår studentane til å ta dette før Tekst og kultur (NO104N). Dersom ein startar litteraturstudiet med Tekst og kultur (NO104N), bør ein ha skaffa seg naudsynte basiskunnskapar i litteraturhistorie og sjangerlære på førehand (sjå pensum for Tekst og struktur - NO103N).

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • litteratur som kulturelt fenomen
  • sentrale sider ved forholdet mellom litteratur, subjekt og samfunn i ulike periodar  
Learning outcome skills

Studenten er i stand til å

  • analysere tekstar frå ulike periodar i eit kulturperspektiv
  • formidle analysar i ein tekst med klart og argumenterande språk
  • utforme tekstar i samsvar med elementære krav til kjeldetilvising
Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og individuell rettleiing i samband med oppgåveskriving.

Assessment requirements

Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 2000 ord innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Godkjenningsoppgåva skal skrivast på bokmål.

 

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Geir Petter Hjorthol
Costs

Kr. 4000,-

Used in other programs
  • Norwegian Year Course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital examination
Individual
2 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
 Kortsvarsprøve. Nettbasert. Skrivast på bokmål.
Home exam
Individual
7 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
2/3
Heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Nettbasert. Skrivast på bokmål.
Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått.  
Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.