Semesters

NO121-813KFK Nynorsk i opplæringa 1

Course code: 
NO121-813KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Er du interessert i nynorsk og nynorskopplæring? Nynorsk i opplæringa 1 kompetanse for kvalitet (KFK) er retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13. Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk. Studentane skal kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen, utvikle eigenkompetanse i nynorsk, og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

​Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:

  • den norske språksituasjonen i dag, nynorsk språk, litteratur og kultur
  • læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar knytt til elevtekster på nynorsk
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • utvikle og legge til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
  • arbeide med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i eit nynorskperspektiv
Learning outcome qualification

Studenten skal:

  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, formidlar og rettleiar i ein  språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
Working and learning activities

Nynorsk i opplæringa 1 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling og kan orientere seg i læringsplattforma. Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre delemne som vil bli introduserte i kvar sine undervisningsmodular fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.

Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, deltaking i læringsplattform og skriftleg refleksjon over fagstoffet. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

For å få gå opp til eksamen må alle arbeidskrav vere oppfylte.

Arbeidskrav:

Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.

Til kvart delemne må studenten

  • skrive to mindre tekster på 1-2 sider
  • gi respons til medstudentar
  • skrive ei godkjenningstekst på ca. 1600 ord (+/- 10%) (1 til kvart delemne, til saman 3)

Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe i Canvas som skal godkjennast av faglærar. 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Used in other programs
  • Norwegian 2, New Norwegian in education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (1600 ord, +/- 10%) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (3000 ord, +/- 10%). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10%)
Approval signature: 
Arne Myklebust