Semesters
NO121-813KFK Nynorsk i opplæringa 1
Ingen.
Er du interessert i nynorsk og nynorskopplæring? Nynorsk i opplæringa 1 kompetanse for kvalitet (KFK) er retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13. Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk. Studentane skal utvikle eigenkompetanse i nynorsk, kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:
- den norske språksituasjonen i dag, nynorsk språk, litteratur og kultur
- vurderings- og rettleiingsstrategiar knytt til elevtekster på nynorsk
- relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Studenten skal kunne:
- utvikle og legge til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
- leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekster i opplæringa
Studenten skal:
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- ha kjennskap til og bruke relevante digitale ressursar i undervisninga
Nynorsk i opplæringa 1 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling og kan orientere seg i læringsplattforma. Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.
Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.
Frammøtekrav:
For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.
Arbeidskrav:
Emnet er delt i 3 tema og til kvart tema er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.
Til kvart tema må studenten
- skrive to mindre tekster på 1-2 sider (2 til kvart emne)
- gi respons til medstudentar
- Godkjenningstekster: 1600 ord (+/- 10%) (1 til kvart emne, til saman 3)
Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe i Canvas som skal godkjennast av faglærar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Norwegian 2, New Norwegian in education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10%) |
Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.