Semesters
NO1A-17AVG Norsk 1A for 1.-7. trinn
Ingen.
Norsk 1A er hovudtema knytt til formidling av norskfaget på trinn 1-7. I eit fleirkulturelt samfunn i endring må norskfaget utviklast i tråd med samfunnsutviklinga. Emnet legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap.
I emnet 1A får studentane innføring i grunnleggande faglege og fagdidaktiske emne, dei grunnleggande ferdigheitene og omgrep knytt til språk og litteratur, samt forståing av læreplanar. Sentrale emne er grammatikk og grammatikkdidaktikk, skriveopplæring på mellomsteget, analyse av og respons på elevtekstar, litteraturdidaktikk og norsk som andrespråk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk i nynorsk og bokmål
- har kunnskap om språk og tekst i analyse og vurdering av skriftlege elevtekstar
- har brei kunnskap om metodar i skriveopplæringa på mellomtrinnet
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar, med vekt på litteratur for barn og unge
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar skriftlege tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar.
Studenten
- kan analysere og vurdere skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med skriftlege tekstar
- kan bruke ulike metodar og læringsressursar i den vidare skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan gjere greie for faglege val som skal fremme skriftleg språkutvikling hos elevar på mellomsteget
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål og kan undervise elevar i begge målformer
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn
- kan legge til rette for at elevane på trinn 1-7 blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale og digitale arenaer
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar med utgangspunkt i gjeldande læreplanar og faglege kunnskapar og innsikter
Undervisningsformene skal støtte studentane i arbeidet med pensumlitteraturen, og vekslar mellom digitale møtepunkt på zoom kvar torsdag, læringsløyper i Canvas og to fysiske samlingar på Høgskulen i Volda. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Arbeidskrav:
- Skriftleg prøve i grammatikk utan hjelpemiddel.
- Elevtekstanalyse på 2000 ord (+/- 10 %).
- Skriftleg arbeidskrav knytt til litteratur og litteraturdidaktikk.
Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.
Kr. 5000,-.
- Norwegian 1 for 1-7 Grade
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Begge målformer skal nyttast i fagtekstane for å sikre at studentane har kompetanse i både nynorsk og bokmål. Målforma på refleksjonsteksten er valfri. | Studenten skal levere ein revidert versjon av kvar av dei to skriftlege arbeidskrava på mellom 1500-2000 ord. I tillegg må mappa innehalde ein refleksjonstekst på 500 ord (+/- 10 %), der studenten grunngjev og drøftar sin eigen læringsprosess i lys av fagdidaktisk teori. |