Semesters
NO201 Nynorsk skriftkultur
45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO111S, NO112S og anten NO113S eller NO114S, eller tilsvarande etter søknad.
Emnet Nynorsk skriftkultur (NO201) tek føre seg framveksten av ein nynorsk skriftkultur i Noreg. Grunnlaget for studiet vil vere tekstproduksjonen (med særleg vekt på sakprosatekstar) frå 1500-talet og fram til i dag. Det vert lagt vekt på å setje det nynorske skriftspråket inn i eit allment (europeisk) perspektiv. Studiet gjev dessutan ei brei innføring i norsk målreisingssoge og nynorsk som bruksmål, med vekt på nynorsk skulemål, kyrkjemål, administrasjonsmål og nynorsk i media.
NO201 kan, i lag med eit litteraturemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna språkemne (NO205) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har god kunnskap om
- framveksten av den nynorske skriftkulturen
- norsk målreisingssoge
- nynorsk som bruksmål
Studenten kan
- lese og forstå sakprosatekstar frå 1500-talet og fram til i dag
- bruke dei ovanfor nemnde kunnskapane i praktisk tekstanalyse
Studenten kan
- reflektere kritisk over relevant faglitteratur
- byggje opp ein argumentasjon skriftleg på ein klar, logisk og forståeleg måte
- bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og individuell rettleiing. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga.
1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om val av emne og problemstilling for oppgåva.
2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med semesteroppgåva.
3. Pensumliste skal vere innlevert seinast ein månad før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- eller universitetsstudium.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Language and Literature - bachelor
- Norwegian - Specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel fritt målform på oppgåva. | Ei semesteroppgåve på 6000 ord. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva. |