Semesters

NO203 Livshistorier: biografi og roman

Course code: 
NO203
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Livshistorier: biografi og roman
Teaching semester: 
2020 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Livshistorier: biografi og roman
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO113S, NO114S og anten NO111S eller NO112S, eller tilsvarande emne frå ein annan institusjon etter søknad.

Course content

NO203 er, saman med eit anna 200-emne (språk eller litteratur) ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast som frittståande emne eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur. I dette emnet tek vi for oss den livshistoriske forteljinga i vår tids fiksjon og sakprosa. Vi legg særleg vekt på verk som kryssar tradisjonelle sjangergrenser. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • sentrale trekk ved livshistoriske sjangrar
  • sentrale problemstillingar rundt fiksjon og forteljing i samband med biografi og roman
  • relevant tekst- og sjangerteori
Learning outcome skills

Studenten

  • kan nytte desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • kan formidle analysar med klart og argumenterande språk
  • kan utforme tekstar i samsvar med vitskaplege krav til kjeldetilvising
Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.

Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar og førelesingar på ei samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve, med individuell rettleiing. Studenten får tilbakemelding på framlegg til problemstilling og eitt utkast (sjå nedanfor, punkt 1 og 2).

Assessment requirements

Emnet har fire arbeidskrav:

  1. I starten av semesteret skal studenten velje emne og problemstilling for oppgåva. Emneval og problemstilling skal deretter godkjennast av faglærar.
  2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med semesteroppgåva.
  3. Pensumliste skal vere innlevert seinast éin månad før munnleg eksamen. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- og universitetsstudium.
  4. Studenten skal delta på samlinga. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve på om lag 2000 ord om eitt av pensumverka.
Evaluation system
Minimum number of students: 
-
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Geir Petter Hjorthol
Used in other programs
  • Language and Literature - bachelor
  • Norwegian - Specialization
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Adjusting oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Approval signature: 
Arne Myklebust