Semesters

NO209 Økokritikk - Litteratur og natur

Course code: 
NO209
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

45 studiepoeng i norsk (nordisk) på grunnivå eller f.eks. Norsk 2 fra grunnskolelærerutdanning.

Course content

Fordjupingsemnet Økokritikk - Litteratur og natur rettar merksemda mot miljøtematikk og framstillingar av natur i skandinavisk litteratur frå 1900 til i dag. Gjennom det økokritiske perspektivet søker emnet å skape medvit om kva status og rolle den fysiske verda har i den skandinaviske litteraturen, og korleis natur og klimaspørsmål vert handsama som litterære motiv og tema. I tillegg til eit utval økokritisk teori, er pensum sett saman av essay, dikt, romanar og kortprosatekstar som tematiserer forholdet mellom menneske, dyr, plantar og landskap på ei rekke ulike måtar. Emnet kan takast som del bachelorstudiet i språk og litteratur. Emnet kan også, i lag med eit språkemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, eller det kan takast separat eller saman med eit anna litteraturemne (NO204: Litteratur og sjukdom eller NO203: Livshistorier).

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskapar om

  • korleis naturmotiv og miljøspørsmål vert framstilt innanfor ulike litterære sjangrar på 1900- og 2000-talet
  • relevant økokritisk teori
Learning outcome skills

Studenten er i stand til å

  • bruke og utvikle desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
  • utforme analysar i samsvar med gjeldande krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Working and learning activities

Undervisninga blir gitt som nettleksjonar i form av tekst, video og lyd, individuell rettleiing og ei fysisk samling. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Studentane skal møte på ei obligatorisk samling i oktober. Om ein ikkje har høve til å møte på denne samlinga, må ein skrive eit kompensatorisk arbeidskrav. 

Arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon innanfor rammene som emnet sett. Dette skal godkjennast av rettleiar innan ein fastsett frist.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.

3. Om lag midt i semesteret vert det arrangert ei samling i Volda. På samlinga skal studenten delta i medstudentvurdering av sitt eige og ein annan student sitt utkast til semesteroppgåve. Deltaking på samlinga er obligatorisk. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei medstudentvurdering på om lag 400 ord (1 side) og ei oppgåve om ein eller fleire tekstar på pensum på om lag 1600 ord (4 sider).

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Brage Egil Herlofsen
Used in other programs
  • Language and Literature - bachelor
  • Norwegian - Specialization
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten vel fritt målform på oppgåva.
Ei semesteroppgåve på 6000 ord.
Adjusting oral examination
Individual
45 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten skal gje ei avsluttande prøveforelesing etter greidd oppgåve, med ei påfølgande styrt samtale om pensum. Tema for prøveforelesing vert ei uke før førelesinga skal haldast. Førelesinga gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva.
Approval signature: 
Silje Ims Lied