Semesters
NO209 Økokritikk - Litteratur og natur
30 studiepoeng frå to grunnemne i norsk (nordisk), NO113S og NO114S, eller tilsvarande etter søknad.
Fordjupingsemnet om økokritikk rettar merksemda mot miljøtematikk og framstillingar av natur i skandinavisk litteratur frå 1900 til i dag. Gjennom det økokritiske perspektivet søker emnet å skape medvit om kva status og rolle den fysiske verda har i den skandinaviske litteraturen, og korleis natur og klimaspørsmål vert handsama som litterære motiv og tema. I tillegg til eit utval økokritisk teori, er pensum sett saman av essay, dikt, romanar og kortprosatekstar som tematiserer forholdet mellom menneske, dyr, plantar og landskap på ei rekke ulike måtar. Emnet kan takast som del av bachelorstudiet i språk og litteratur. Emnet kan også takast som ein del av fordjupingsstudiet i norsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om
- korleis naturmotiv og miljøspørsmål vert framstilt innanfor ulike litterære sjangrar på 1900- og 2000-talet
- relevant økokritisk teori
Studenten er i stand til å
- bruke og utvikle desse kunnskapane i praktisk tekstanalyse
- utforme analysar i samsvar med gjeldande krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Undervisninga blir gitt som nettleksjonar i form av tekst, video og lyd, individuell rettleiing og ei fysisk samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettundervisninga arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til oppgåveskrivinga.
Arbeidskrav:
1. I starten av semesteret skal studenten sjølv velje emne og formulere eit forslag til problemstilling, aktuell teori og sekundærlitteratur og gjerne ein grov disposisjon innanfor rammene som emnet sett. Dette skal godkjennast av rettleiar innan ein fastsett frist.
2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Det er høve til å levere eit siste utkast for rettleiing innan ein fastsett frist. Denne innleveringa er frivillig.
3. Om lag midt i semesteret vert det arrangert ei samling i Volda. På samlinga skal studenten delta i medstudentvurdering av sitt eige og ein annan student sitt utkast til semesteroppgåve. Deltaking på samlinga er obligatorisk. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei medstudentvurdering på om lag 400 ord (1 side) og ei oppgåve om ein eller fleire tekstar på pensum på om lag 1600 ord (4 sider).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Language and Literature - bachelor
- Norwegian - Specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel fritt målform på oppgåva. | Ei semesteroppgåve på 6000 ord. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva. |