Semesters
- 2024 Autumn
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Autumn
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
NO211 Bacheloroppgåve/individuell oppgåve i norsk (nordisk) språk
75 studiepoeng med fire grunnemne i norsk (nordisk), NO111S, NO112S, NO113S, NO114S, og minst eitt fordjupingsemne i norsk (nordisk), anten NO201 eller NO207, eller tilsvarande etter søknad.
Bacheloroppgåve i språk (NO211) er konsentrert om ei individuell oppgåve på 10 000-12 000 ord (25-30 sider). Studenten skal skrive oppgåva i eit avgrensa språkleg emne, eventuelt med fagdidaktisk vinkling. Val av emne skal godkjennast av ein rettleiar. Oppgåva kan vere del av norsk (nordisk) fordjupingsstudium eller bacheloroppgåve i ein bachelorgrad.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har inngåande kunnskap om eit avgrensa språkleg emne.
Studenten kan finne fram til og kritisk nytte seg av aktuell teori og sekundærlitteratur.
Studenten har grunnleggande kunnskapar om forskingsmetode.
Val av tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva skal skje i samråd med faglæraren. Arbeidet med pensum inngår i skriveprosessen. Studenten har krav på rettleiing, og rettleiinga kan skje ved oppmøte eller i Canvas.
1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om emne og problemstilling for oppgåva.
2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til oppgåva på om lag 2000 ord. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva.
3. Studenten skal legge opp eit pensum på om lag 300 sider. Ein kan normalt ikkje leggje opp tekstar som har vore pensum ved tidlegare høgskule- eller universitetsstudium. Pensumliste skal vere innlevert seinast to veker før munnleg eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Norwegian - Specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel fritt målform på oppgåva. | Omfang: 10 000-12 000 ord. | |||
Adjusting oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva. |