Semesters
- 2024 Autumn
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
NO213 Bacheloroppgåve/individuell oppgåve i norsk (nordisk) litteratur
75 studiepoeng med fire grunnemne i norsk (nordisk), NO111S, NO112S, NO113S, NO114S, og minst eitt fordjupingsemne i norsk (nordisk) anten NO203 eller NO204, eller tilsvarande etter søknad.
NO213 er konsentrert om ei bacheloroppgåve/individuell oppgåve på 10 000 - 12 000 ord. Studenten skal skrive oppgåva om eit avgrensa litterært emne. Val av emne skal godkjennast av rettleiar.
Oppgåva kan vere del av norsk (nordisk) fordjupingsstudium eller bachelor i Språk og litteratur.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- grunnleggjande kunnskapar om forskingsmetode og aktuell teori
- solide kunnskapar om den forfattarskapen det er arbeidd med i oppgåva
Studenten
- kan finne fram til og nytte seg av aktuell teori og sekundærlitteratur
- har grunnleggjande erfaring med litteraturvitskapleg framstilling
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte.
NO213 er eit oppgåveemne der undervisninga består av individuell rettleiing frå faglærar. Rettleiinga kan skje ved oppmøte eller i Canvas.
Emnet har tre arbeidskrav:
1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om emne og problemstilling for oppgåva.
2. Studenten levere eit utkast til oppgåva på om lag 2000 ord innan ein fastsett frist. Utkastet blir kommentert og må vere godkjent før studenten kan gå vidare med oppgåva. Ein har høve til å levere endå eit utkast til rettleiing innan ein fastsett frist. Den siste innleveringa er frivillig.
3. Pensumliste: I tillegg til det verket han/ho skriv om, skal studenten leggje opp eit pensum på om lag 300 sider. Pensum skal vere eit supplement og ei utviding av perspektivet i høve til den sekundærlitteraturen som har stått mest sentralt i oppgåveskrivinga. Det kan innehalde litteraturteori, litteraturkritikk og litteraturhistorie. Pensumlista skal vere innlevert seinast to veker før munnleg eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Language and Literature - bachelor
- Norwegian - Specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten vel fritt målform på oppgåva. | Omfang: 10 000-12 000 ord. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Studenten skal gå opp til ein avsluttande munnleg eksamen etter greidd skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kjem rett etter sensuren og gir grunnlag for ei justering av karakteren på oppgåva. |