Semesters

NO221 Norsk som andrespråk og flerkulturell pedagogikk 1

Course code: 
NO221
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
Assessment semester: 
2016 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Primært er dette eit studium for førskulelærarar, lærarar og studentar som har fullført og bestått dei tre første åra av grunnskulelærarutdanninga. Etter særskild vurdering kan også søkjarar med annan utdannings- eller yrkesbakgrunn takast opp på studiet.

Course content

Emnet er første del av fordjupingsstudiet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Det faglege innhaldet i dette emnet er konsentrert om teoretisk og praktisk kunnskap om to- og fleirspråklegheit, med vekt på analyse og diskusjon av inkluderande pedagogisk praksis. Sentrale tema vil vere arbeid med faglege og didaktiske problemstillingar som gjeld tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar, tilrettelegging av språkstimulerande miljø, utvikling av norskspråklege leseferdigheiter, arbeid med omgrepsdanning, ordforråd og bruk av kartleggingsverktøy som eit pedagogisk reiskap i undervisninga.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:
 • kunnskap om samanhengar mellom inkluderingsomgrepet, prinsippet om tilpassa opplæring og den fleirkulturelle skulen og barnehagen 
 • kunnskap om to- og fleirspråklegheit, om tospråklege opplæringsmodellar og om føresetnader for god fagleg og språkleg utvikling når norsk er andrespråket 
 • kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv 
 • kunnskap om leseforsking og didaktiske perspektiv på leseutvikling når norsk er andrespråket
 • kunnskap til lovverk, rammeplanar, læreplanar og kartleggingsverktøy for språklege minoritetar

Learning outcome skills

Studenten skal kunne:            
 • vurdere og arbeide fram pedagogiske løysingar som fører til tilpassa læringsmiljø for fleirspråklege born, unge og vaksne 
 • legge til rette for eit språklæringsmiljø som tek vare på og utviklar språkleg og kulturelt mangfald
 • meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god ordforråds- og omgrepsutvikling for born/elevar med fleirspråkleg bakgrunn 
 • meistre didaktiske tilnærmingar som inneber tilpassa leseopplæring
 • uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar

Learning outcome qualification

Studenten skal:
 • kunne nytte fagleg innsikt og kompetanse for utvikling av tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø, og kunne analysere og reflektere for    vidareutvikling av dette arbeidet.

Working and learning activities

Undervisninga er fordelt på fire samlingar i haustsemesteret, og går over to heile dagar kvar gong. Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av IKT-basert kommunikasjonsverktøy. For studentar som tek studiet som del av grunnskulelærarutdanninga, sjå gjeldande praksisplan for utdanninga.

Assessment requirements

 • Obligatorisk frammøte på samlingane 
 • Eit feltarbeid (1 – 2 dagar)
 • Eit munnleg innlegg med skriftleg notat og deltaking i alle seminara
 • To skriftlege refleksjonsnotat på 350-400 ord

Studentane skal gjennomføre eit feltarbeid i ein barnehage, skule eller annan institusjon der det går føre seg fagleg arbeid retta inn mot språklege minoritetar. Dette vil danne utgangspunkt for vidare studiar i emna. For å avlegge eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som har fått underkjent arbeidskrav knytt til seminararbeid eller notatskriving, kan få eitt nytt forsøk. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. For krav om obligatorisk frammøte, sjå forskriftene ved HVO.

Evaluation system

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Randi Myklebust
Used in other programs
  • Norwegian as Second Language and Multicultural Pedagogy
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studentar som får "karakter F" på eksamen kan få eitt nytt forsøk for å omarbeide eksamensoppgåva si med same problemstilling. Studentar som to gonger har fått "karakter F" ved sensur, må ta emnet på nytt.
3 500- 4000 ord