Semesters

NO2B-17KFK Norwegian 2B, Competence for quality

Course code: 
NO2B-17KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk 2B for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk 2B for 1.–7. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

NO2A-17KFK

Course content

Emnet er andre del av studiet Norsk 2 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet. I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Studentane kan forvente djupare innsikt innanfor den andre lese- og skriveopplæringa, samt betre forståing for digitale hjelpemiddel i undervisninga og tilpassa litteraturdidaktikk

Studentane deltar på to samlingar i semesteret i veke 3 og 13 (desse tidspunkta kan bli endra), i tillegg til nettforelesingar der det er forventa at studentane deltar aktivt i diskusjonar og gruppearbeid. 

Norsk2B-kfk er del av vidareutdanningstilbodet til Utdanningsdirektoratet. Meir informasjon om søknad og fristar ligg her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/etter-og-videreutdanning/larere/

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal:

  • ha kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna
  • ha inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • ha utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte slike i eige tekstarbeid
  • ha kunnskap om skrivedidaktikk, og korleis dei best kan motivere og rettleie elevar i skriveprosessen
Learning outcome skills

​Studenten skal:

  • kunne organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kunne vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kunne bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • kunne rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kunne lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
Learning outcome qualification
  • kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • ha eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • vere ein god lese- og skrivelærar
Working and learning activities

Norsk 2B er eit kombinert nett- og samlingsbasert emne. Det er inntil tosamlingar i semesteret, der den første samlinga er obligatorisk. Kvar samling går over to heile dagar.

Nettundervising, innlevering av arbeidsoppgåver og individuell rettleiing skjer via læringsportalen Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. 

Assessment requirements

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre følgjande arbeidskrav:

Arbeidskrav:

  • Gjennomføring av eit didaktisk opplegg med bruk av digitale forteljingar
  • Kunnskapsdeling i eige kollegium med utgangspunkt i det didaktiske opplegget
  • Ein skriftleg tekst (om lag 1500 ord)

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til den første av samlingane

Dei skriftlege tekstane skal vere knytt til gjennomføring av det didaktiske opplegget og til kunnskapsdeling i eige kollegium. Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava og frist for levering i semesterplanen. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
-
Maximum number of students: 
-
Person in charge: 
Pernille Fiskerstrand
Used in other programs
Assessment FormGroupingDurationGrading scaleProportionCommentSupport MaterialsScope
Oral examination
Individual
35 minutt Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade