Semesters
NO321 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1
Emnet har ingen forkunnskapskrav ut over opptakskrav.
Emnet er første del av studiet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Det faglege innhaldet i dette emnet er konsentrert om fleirspråklegheit, føresetnader for læring og utvikling hos born, elevar og deltakarar som held på å lære norsk og analyse og diskusjon av inkluderande pedagogisk praksis i lys av språkleg og kulturelt mangfald. Emnet går inn på teoretiske og didaktiske problemstillingar som gjeld tilrettelegging for språkutvikling, kartlegging og utvikling av leseferdigheiter, ordforråd og omgrep i fleirspråklege kontekstar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
• avansert kunnskap om samanhengar mellom inkluderingsomgrepet, prinsippet om tilpassa opplæring og tilrettelegging for læring og utvikling i den fleirkulturelle skulen eller barnehagen
• inngåande kunnskap om fleirspråklegheit og om føresetnader for god fagleg og språkleg utvikling når norsk er andrespråket
• inngåande kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv
• avansert kunnskap om leseforsking og didaktiske perspektiv på tidleg og fortsettande leseutvikling når norsk er andrespråket
• grundig kunnskap om lovverk, rammeplanar, læreplanar og kartleggingsverktøy for språklege minoritetar
Studenten kan:
• analysere, drøfte og arbeide fram pedagogiske løysingar som fører til tilpassa læringsmiljø for fleirspråklege born, unge eller vaksne
• legge til rette for eit språklæringsmiljø som er tilpassa ein språkleg og kulturelt mangfaldig barne- ungdoms- eller vaksengruppe
• meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god ordforråds- og omgrepsutvikling for born, elevar eller deltakarar med fleirspråkleg utgangspunkt
• meistre didaktiske tilnærmingar som inneber tilpassa leseopplæring for elevar eller deltakarar som held på å lære norsk
• uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar
Studenten kan:
• tilrettelegge for læring, utvikling og inkludering i den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen eller barnehagen
Undervisninga er fordelt på fire samlingar i haustsemesteret og går over to heile dagar kvar gong. Arbeidsmåtane vil variere mellom plenumsundervisning, analyse og drøfting av faglitteratur, studentseminar, feltarbeid, munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing. Studentane må ha tilgang til, og kunne gjere seg nytte av, digitale kommunikasjonsverktøy.
- Obligatorisk frammøte på samlingane, med krav om minimum 70 prosent frammøte/deltaking
- Eit feltarbeid på 1 – 2 dagar
- Ein munnleg presentasjon knytt til feltarbeidet
- To skriftlege refleksjonstekstar basert på fagartiklar
Studentane skal gjennomføre eit feltarbeid i ein barnehage, skule eller annan institusjon der det går føre seg pedagogisk arbeid retta inn mot språklege minoritetar. Dette vil danne utgangspunkt for analyse og drøfting av problemstillingar knytt til ambisjonar og realitetar i utdanningsløpet. For å avlegge eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrava er fullførte og godkjende. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. Det er krav om 70 prosent frammøte til obligatorisk undervisning, Studentar som har har fått "ikkje godkjend" på eit arbeidskrav kan få eitt nytt forsøk, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Norwegian as a second language and multicultural pedagogy
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 3500 - 4500 ord |