Semesters
NYN302 Vitskapsteori og metode
Ingen.
Vitskapsteori er systematiske studiar av vitskapleg tenking, kunnskap og aktivitet. I dette emnet er merksemda især retta mot dei delane av vitskapsteorien som knyter seg til human- og samfunnsvitskapane. Sentralt står utfordringar, perspektiv og tradisjonar som gjeld tolkingar og/eller forklaringar av språklege, tekstlege, religiøse og historiske fenomen, men emnet vil også gje eit oversyn over nokre utvalde teoretiske inngangar så vel som innsikter i etablert metodisk arbeid med slike fenomen. Emnet skal vidare gje inngåande kunnskap om likskapar og ulikskapar mellom humaniora, samfunnsvitskap og naturvitskap, og ved det sikre deltakarane djupare innsikt i dei grunnlagsproblem som kjenneteiknar slik forsking. Samstundes skal emnet gjere dei i stand til å analysere vesentlege føresetnader både for eiga og andre si forsking. Saman med emnet Skriftkultur. Ei innføring (NYN301) gir dette emnet eit godt grunnlag til å ta valemna i mastergraden i nynorsk skriftkultur, og til å begynne på masteroppgåva.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har inngåande kunnskap om
- kva vitskapsbasert kunnskap kan vere, og kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte, praksis og tradisjon
- ulike vitskaplege perspektiv, omgrep, metodar og standardar, og ei utvida innsikt i grunnleggjande utfordringar innanfor humaniora og samfunnsvitskap
- breidde og oppdatering av tradisjonar og perspektiv, slik at kandidaten kan analysere vitskapsteoretiske problemstillingar både i eiga og andre si forsking
- forskingsetiske problem og korleis slike utfordringar kan handterast
Studenten kan
- ta del i vitskapsteoretiske diskusjonar om grunnlaget både for eige forskingsemne og andre forskingsretningar
- vurdere forsking kritisk ved å analysere teoriar, omgrep, modellar og metodar, og gjere bruk av vitskapsteoretisk refleksjon i utarbeiding av eige forskingsprosjekt
Studenten kan
- reflektere kritisk over relevant faglitteratur
- byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte
- bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte
- analysere og kommentere arbeida til medstudentar på ein solidarisk, stringent og konstruktiv måte
- skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Tre vekesamlingar med førelesingar i haustsemesteret. Kvart tema vert dekt av ein dobbeltime førelesing. Studentane må òg rekne med å få tildelt arbeidsoppgåver som dei må løyse mellom vekesamlingane.
Ingen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ingen | Skal skrivast på nynorsk |