Semesters

NYNMGOPPGD Masteroppgåve

Course code: 
NYNMGOPPGD
Duration: 
4 semesters
Credits (ECTS): 
60
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

NYN301 og NYN302 

Course content

Masteroppgåva har eit omfang på 60 studiepoeng. Oppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid der kandidaten syner innsikt i relevante og aktuelle teoriar og metodar. Studentane står fritt til å velje emne, men instituttet kjem gjerne med innspel og råd. Dersom studenten vil, kan ein knyte oppgåva opp mot eit eksisterande forskingsprosjekt, eller til forskings- og utgreiingsarbeid som går føre seg ved andre institusjonar, normalt i det offentlege eller i målrørsla. Instituttet formidlar gjerne vidare slike forskingsoppdrag frå eksterne institusjonar.

Arbeidet med masteroppgåva kan studentane gjere ved Institutt for språk og litteratur, eller ved at ein knyter seg til andre institusjonar etter nærare avtale.

For heiltidsstudentar vil eit eventuelt opphald i utlandet normalt kome i tredje semester, for deltidsstudentar etter behov.

Masteroppgåva går over to semester for heiltidsstudentar og fire semester for deltidsstudentar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har inngåande kunnskap om

  • relevant teoretisk og metodisk basis for vitskapleg arbeid 
  • relevant teori og sekundærlitteratur for oppgåva
Learning outcome skills

Studenten kan

  • nytte kjeldestudium og relevant litteratur til løysing av ei vitskapleg problemstilling
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur 
  • byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte  
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent og tydeleg måte 
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk
Working and learning activities

Studenten føreslår eit tema for masteroppgåva i samråd med Institutt for språk og litteratur innan 15. februar i det første studieåret. Tema/ tittel vert godkjent av instituttet innan 1. mars. Rettleiar for masteroppgåva vert tildelt seinast 15. april, og samarbeidet tek formelt til i haustsemesteret.

Arbeidsmåten vert avtalt mellom rettleiar og student, og studenten har rett til inntil 20 timars rettleiing i løpet av den tida han eller ho arbeider med oppgåva. Det vert arrangert to oppgåveseminar kvart semester der studentane kan presentere og drøfte prosjektet sitt, og elles få rettleiing i teori- og metodeproblem. Oppgåveseminara er ikkje obligatoriske, men vi rår til at studentane bruker dette tilbodet i størst mogeleg grad.

Rettleiing av masteroppgåva vil i prinsippet bli gjeve innanfor normert studietid, dvs. 1 år for heiltidsstudentar og 2 år for deltidsstudentar.

Assessment requirements

Etter at studenten har levert og fått godkjent masteroppgåva, skal han eller ho opp til munnleg prøveførelesing over eit gjeve emne på 45 minuttar. Denne prøveførelesinga må vere godkjent av den same kommisjonen som vurderer oppgåva, men ho skal ikkje telje med i den endelege karakteren. 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Stig Jarle Helset
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Master's thesis
Individual
4 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Masteroppgåva skal skrivast på nynorsk og leverast inn som ein monografi på om lag 40 000 ord (+/- 10 %), noko som svarar til om lag 100 sider med krava om 1,5 linjeavstand og 12 pkt. skriftstorleik. Fellesoppgåver skal ha eit omfang på om lag 50 000 ord (+/- 10 %). Tittelside, samandrag, forord, innhaldsliste, notar, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemer der minst ein av dei må vere ekstern og må forsvarast munnleg for den same kommisjonen. Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg.
Adjusting oral examination
Individual
60 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Ved munnleg eksamen får kandidaten 10 minuttar på seg til legge fram oppgåva, før det blir munnleg høyring. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. Båe dei to eksamensdelane blir evaluerte av éin og same kommisjon.
Approval signature: 
Arne Apelseth